Borgarseta i Sande

I Sande sokn var 13-14 borgarsete i drift gjennom tidene, men ikkje alle samtidig. Dei mest kjende  borgarseta no er Haugsholmen og nye Sandshamn (Sandsmyra), men det største kan ha vore gamle Sandshamn, Støylehamn, der magnaten Mads Franzen Kiølholdt residerte i nær to mannsaldrar på 1600-talet. Minnet om denne mannen og familien hans finst enno i Sande kirke i form av eit digert epitafium som avbildar heile huslyden.

  Elles nytta ei stor borgarætt frå Ørsta Sandshavn (etter gamle Sandshamn) som ættnamn på 1700-talet; same ætta kalla seg også Hougsholm i nokre ættledd. Til denne ætta høyrde teologen Knud Sandshavn, som var Hans Strøm sin privatlærar i mange år, men endte sine dagar som borgar på Larsnes.

  Pilsneset på Hakallestranda hadde ei meir kortvarig soge som borgarsete, men opphavet til namnet er det same som Kort Piil-smuget i Bergen, rådmannen av dette namnet, som handla på Sunnmøre i andre halvdelen av 1500-talet og som i 1572 ga eit døypefat til Herøy kirke. To år før hadde jekta hans gått ned ved Stad, og han tapte 700 daler, ei veldig formue då.

  Borgarseta blir rekna opp i denne rekkefølga: Pilsneset, Haugsholmen, Hauge, Gangstødløkka, Flatøya, Støylehamn, Kirkesande I-II, Sandshamn, Vik i Gursken, Saure, Nupen I-II og Hallehamn.

 

SANDE

Ein halv fjerding vest-nordvest for Larsnes registrerte Hans Strøm i 1750-åra en øde borgerplads kaldet Simoehafn på ein liten holme ved ei bukt; af deslige forladte handelssæder findes og flere her i sognet, skreiv han til slutt under dette punktet i notatboka. Og det hadde han rett i, for på hans tid var berre to borgarsete i drift i soknet, Støylehamn (då: Sandshamn) og Haugsholmen, medan minst seks var nedlagde: Hallehamna (Simohamna), Nupen, Pilsneset, Hauge, Vik i Gursken og Saure. Etter Strøm si tid kom det til fem nye kremmarsete, nemleg Kirkesande med to, Sandshamn (då: Sandsmyra), Gangstødløkka og Flatøya.

Sjå nærare om dei einskilde borgarseta under:

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s