Hallehamn

Også kalla Holmen eller Hamna. Etter borgaren Simon Rasmussen blei namnet Simohamna. Den første borgaren vi kjenner til her er Gunder i Halleholmen, som er nemnd i eit diplom frå 1614 i lag med Didrik Piil på Pilsneset. Etter alt å døme dreidde det seg om den GUNDER TORBJØRNSEN som tok borgarskap i Bergen 1608. Han er siste gongen nemnd i 1623-24, som trelasthandlar.

  Enka INGRID OLSDATTER er medrekna mellom borgarane både i 1629 og 1633; ho er nemnd siste gongen i 1637. Gunder og Ingrid var foreldre til storborgaren Jens Gundersen i Kjeldsund, som tradisjonelt er blitt tillagt eit anna opphav. Gunder eller Ingrid må elles ha vore av same ætta som den rike Gudbrand Sjurson i Havåg.

  Ein annan sønene deira, TORBJØRN GUNDERSEN, tok borgarskap i Bergen 1638 og dreiv handelen vidare, men Jens Gundersen sto som leigar av grunnen.

  Etter Torbjørn handla GUNDER GUNDERSEN, ein bror av Jens og Torbjørn, utetter 1650-åra. Han hadde ikkje borgarskap i Bergen og var truleg kjøpsvein for Jens Gundersen. Gunder er nemnd enno i 1659, då han kjøpte ein hesteman av Anders Sevaldsen. Han testamenterte rentene av 10 rd til Sande kirke.

  Jens Gundersen sin steson, SIMON RASMUSSEN, som må ha gitt opphav til namnet Simohamn,  borgarson frå Kjeldsund, tok borgarskap i Bergen i 1666 og dreiv handelen her seinast frå den tid. I 1688 er han nemnd mellom vdarmede borgere och strandsiddere på Sunnmøre. Seinare blei staden en øde borgerplads. Inga borgarnæring seinare.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s