Haugsholmen

Den første borgaren som uttrykkeleg er nemnd på Haugsholmen er OLE OLSEN HOUGSHOLM, som budde her som ungkar i 1675. Han tok borgarskap i Bergen i 1673, og det heitte då at han var frå Selje. Så lagleg som holmen var for handel er det lite truleg at det ikkje skal ha budd borgarar på staden før hans tid. Men å peike ut desse er uråd. Ole var svært velståande då han døydde i 1698. På skiftet etter denne afgangne velagte og fornehme mand blei aktiva sette til 2000 rd, og buet hadde inga gjeld. Han var altså svært rik. Husa på Haugsholmen var sette til 100 rd, buskapen der likeeins. Elles innheldt buet vel 612 rd i reie pengar, sølvtøy for 100 rd, udestaaende paa bøygden 300 rd, kjøpmannsvarer for 400 rd, jekt og båtar for 100 rd. Han var lensmann i Vanylven skipreide.

  Enka ekta så LARS KNUDSEN WIG eller HOXHOLM, borgarson frå Ørstavik, som handla her til han døydde i 1728. Også han var lensmann i Vanylven, og frå 1725 eigar av av Vanylven kirke, som han kjøpte for nær 185 rd (165 rd kroner) samt Sande kirke, pris: nær 343 rd. Han hadde ikkje borgarskap i Bergen.

  Enka etter Ole og Lars, ELSE CHRISTENSDATTER FROS, borgardatter frå Larsnes, dreiv så handelen til ho døydde i 1736. Else etterlet seg eit rikt bu. Aktiva var 2567 rd, passiva vel 540 rd.

  Sonen OLE OLSEN HOUGSHOLM II, då kremmar i Ørstavik, handla her truleg nokre år.

  I 1741 selde han borgarsetet til PEDER PEDERSEN GENSBERG frå Bergen med borgarskap der frå 1737. I 1749 er ikkje Haugsholmen rekna mellom borgarseta, truleg fordi Gensberg var fritatt for handelsskatt fordi han skatta i Bergen. Han svarte handelsskatt 1751-57 og døydde i 1757, nær fallitt: Aktiva var vel 2686 rd (m.a ei jekt på 28-30 lester til 230 rd), passiva nær  2635 rd.

  I 1759 kjøpte MAGNUS STEVELINSEN REUTZ, presteson frå Herøy, Haugsholmen. Han svarte handelsskatt 1759-70, men budde her like til 1779, då han flytta til Moltu.

  Same året kjøpte DANIEL PEDERSEN GLAD, kremmarson frå Måløy i Nordfjord, borgarsetet. Han fekk kongeleg kremmarløyve i 1779 og svarte handelsskatt 1780-86. I 1785 heitte det om Haugsholmen:

 

For nogle aar siden har ejeren erholdt allernaadigst privilegium som landkræmmer at handle. Det er et gammelt handelsstæd ej ubeqvemt, men fornøden, men beboeren fører for nærværende kuns en meget ubetydelig handel.

 

I 1788 selde Daniel Glad Haugsholmen til faren Peder Eriksen Glad, som i 1790 selde vidare til ein annan son, PEDER PEDERSEN GLAD. Han svarte handelsskatt 1788-97, enka 1798-1800. Skiftet etter Peder Glad blei halde i 1798, og aktiva blei då sette til vel 2081 rd, passiva til vel 1797 rd.

  I 1800 ekta ho JACOB HERMAN MUNCH, mest truleg ein nordlending, som svarte handelsskatt 1800-12. Han budde seinare på Simonnes.

  I 1813 fekk Christopher Storm skøyte på Haugsholmen, men han selde like etter vidare til Mathias Ravn, før kremmar på Nordfjordeid, som budde her til 1821, men utan å drive handel (jf Åheim).

  I 1821-34 budde Gammel Anderssen frå Sandnes i Syvde på Haugsholmen. Heller ikkje han ser ut til å ha brukt handel.

  Med den nye eigaren frå 1834, RASMUS JOHANNESSEN frå Skåre sokn ved Haugesund, kom handelen i gang att. Han svarte handelsskatt 1835-67 og var enno verksam i 1877. Rasmus døydde i 1879. Sonen Erik Johannessen hadde tatt til å handle her i 1877 eller før og dreiv til 1888.

  Seinare overtok familien Frimanslund, som handla her eit par ættledd.

.

Advertisements

One thought on “Haugsholmen

  1. Frimannslund-familien eig Haugsholmen framleis, sjølv om slektsnamnet no er Myskja. I fjor flytte Liv og Bjørn Magne Myskja med familie tilbake til Haugsholmen, og bur der saman med mor til Bjørn Magne; Dora Myskja, f. Frimannslund.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s