Sandshamn

I 1780 søkte SIVERT OLSEN, kremmar på Herøy, om kremmarløyve for Sandsmyra under Nøre Sande, men fekk det ikkje. Seinare gikk det i orden, og Olsen svarte handelsskatt 1792-1812. Han dreiv handelen ved kjøpsveinar. Kanskje var Finved Røsevig, før kremmar på Kirkesande I,  Olsen sin kjøpsvein

  Sonen JACOB OLSEN fekk i 1811 kongeleg kremmarløyve for Sandshamn, som staden etterkvart kom til å heite. Han svarte handelsskatt 1813-33. Som faren budde også Jacob Olsen på Herøy.

  Kjøpsvein for Jacob var broren FRANTZ OLSEN, som åtte garden Nøre Sande frå 1812. I 1834-62 dreiv Frantz Olsen handelen for eiga rekning.

  I 1865-78 hadde så OLAI OLSEN jr, kremmarson frå Rotset i Volda og før kjøpmann i Ålesund, hand om handelen.

  Handelsmann Gustav Wiig på Flåvær overtok eigedomen i 1878 og leigde han same året vekk til Johan Møller, som før hadde vore i tenesta til Olai Olsen jr. Møller flytta i 1883 til Flatøya.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s