Støylehamn

Like til byrjinga av 1800-talet var det denne staden som heitte Sandshamn, eit namn som sidan gikk over til Sandsmyra under Nøre Sande. Staden blei også kalla Madshamn etter første borgaren vi kjenner til her, MADS FRANTZEN KIØLHOLDT frå Horsens i Danmark. Han tok borgarskap i Bergen i 1640. I 1690 sa han opp borgarskapet, men levde og handla enno til 1697! Seinast i 1645 var han verksam på Sunnmøre. Han dreiv stor handel, truleg også beinveges på utlandet, og la seg opp mykje jordegods, men dei siste åra han levde ser det ut til å ha gått noke tilbake med han. På skiftet etter den velfornehme Mads Frantzen blei aktiva sette til nær 1366 rd, passiva til vel 635 rd. Buet åtte eit jordegods på snautt 41 våger fisk, så Mads Frantzen kan reknast som godseigar.

  Enka ekta kring 1698 JØRGEN ANDERSSEN TILHOF, ukjent opphav, som øydde stordelen av midlane som var igjen etter Mads. Jørgen hadde før vore huslærar hos Arent Guding på Gamlem, der han hadde sett barn på ei tenestejente.

   I 1704 var borgarsetet kome i eiga til Wigætta i Ørsta og handelen blei truleg driven av LARS KNUDSEN WIG eller Hoxholm på Haugsholmen nokre år.

  Seinast i 1711 var OLE OLSEN HOUGSHOLM II, Lars Knudsen Wig sin steson og verbror (gift med Lars si søster), etablert her. Han flytta i 1724 til Ørstavik, og året etter kjøpte han Ørsta kirke for nær 134 rd kurant (120 rd kroner). Ole Olsen opptrådde ved fleire høve som hollandsk tolk og i 1725 var han fullmektig for den hollandske konsulen i Norge i samband med forliset til skipet Ackerendam ved Runde (skipet med Rundeskatten ombord). Då Ole flytta til Ørstavik dreiv Lars Knudsen Wig på Haugsholmen handelen her ei tid.

  I 1734 budde JOB DISCHINGTHUN BUSCH, kjøpmannsson frå Bergen, på staden.

  Same året fekk DANIEL PEDERSEN BUDDE, ukjent opphav, skøyte på nokre av husa i Sandshamn frå enka på Haugsholmen. Budde svarte handelsskatt 1742-57. På skiftet etter han i 1772 (han budde då i Sandsmyra) var buet grundig fallitt. Aktiva var vel 453 rd, passiva vel 904 rd.

  Sonen SIVERT BUDDE overtok kring 1758. Han svarte handelsskatt berre i 1763, men handla mest truleg både før og etter den tid.

  JØRGEN JØRGENSEN HØGH, kremmar i Ørstavik, kjøpte husa her i 1775 og handla truleg ved ein kjøpsvein eit par år.

  I 1778 tok JENS JACOB RØDDING, kremmarson frå Petterholmen i Herøy, til med handel her. Han svarte handelsskatt 1781-96. I 1796 fekk han kongeleg kremmarløyve på staden, men gikk konkurs same året (aktiva var vel 811 rd, underskotet i buet heile 2950 rd). I 1785 heitte det om Sandshavn:

 

Eet gl: handelsstæd, beqvemt og fornøden baade nu og fremdeles. Stædet har disuden en god havn og ligger meget belejlig for almuen, sær i fiskeriets tid.

 

  JOHAN FRIIS, kjøpmannsson frå Molde og før kjøpmann der i byen, fekk i 1797 auksjonsskøyte på Sandshavn. Han svarte handelsskatt 1798-1810 og døydde i 1811. Kjøpmannsfamilien Wingaard Friis i Ålesund ætta frå han. Med Friis tok all handel slutt i gamle Sandshamn.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s