Sunnmørsborgarar med makt

BORGARSETE: Bli med på å skrive historie! Denne sommaren presenterer avisa ein artikkelserie om borgarseta på Sunnmøre. Lesarane kan vere med på å utvikle sakene. Fotografi av plassar og gjenstandar, eller brev, skøyte og andre dokument er av interesse. Du kan sende dine bidrag til historisk@smp.no eller gå inn på denne bloggen for å bidra med bildar, opplysningar og anna!

– I 1633 var det 60 aktive borgarar på Sunnmøre. Borgarstanden var i stor grad norsk, og etter det ein kjenner til var dei fleste sunnmøringar. Sunnmørsborgarane opptredde som ei samla politisk gruppe, med felles økonomisk basis, fortel Bjørn Jonson Dale.

FAKTA: Borgar: Profesjonell og privilegert handelsmann med borgarrettar i ein kjøpstad (borgarskap), eller tilsvarande rettar.

Rekordmange

Samanlikna med resten av landet, var det rekordmange borgarar på Sunnmøre i denne perioden, påpeikar Dale.

Når den ålesundske historikaren har gitt seg i kast med borgarar og borgarsete på Sunnmøre frå 1570 til 1870, er det difor ikkje danske eller andre utanlandske namn som dominerer. Det gjer namn som Brandal og Abelset, Lievog og Langeloe, Rødset og Rønneberg. Bak namna finn vi mektige menn, som takka vere privilegerte borgarrettar var del av ein borgarstand med hand om all handel i området. Dei hadde herredøme over store delar av jordbruk, fiskeri og anna næringsverksemd.

Samanlikna med resten av landet, var det rekordmange borgarar på Sunnmøre i denne perioden, påpeikar Dale.

FAKTA: Borgarsete: Lite samfunn av åtte til over 30 personar, med eit ruvande våningshus, omkransa av t.d. hus for tenestefolk, sjøbud, jektenaust, fjøs og eldhus.

Les første artikkel: Borgarseta i Sande
Les andre artikkel: Borgarseta i Vanylven, Syvde og Rovde

Borgarsete

Dale fatta interesse for emnet medan han studerte sosiologi, og skreiv ei oppgåve om det nyare borgarskapet i Ålesund. Han oppdaga raskt at standen var som ei stor slekt, der familietrådar og historier var vikla inn i kvarandre. Der femnar han breiare, då han tek for seg nær 200 borgarsete og delar av slektshistoria til tallause borgarar på Sunnmøre. Blant dei største og eldste borgarseta finn vi Larsnes, Flåvær, Grimmergård (Ålesund), Sløgstad på Stranda og Vik i Ørsta.

– Finst det spor av sunnmørske borgarsete ein kan besøke i dag?

– Det finst fleire stader, til dømes Herøy Gard, Kjeldsund, Borgarøya i Ulstein og Løeg-garden på Valderhaugstranda.

Som mangeårig forfattar av bygdebøker og ættesoger i fleire kommunar, kjenner Dale til at historia til borgarstanden ofte vart utelate. Sett på spissen vart dei rekna å vere griske kapitalistar frå utlandet som styrte bøndene med hard hand. Dette er ikkje heile sanninga, ifølgje Dale. Med boka håper han å gi ei meir korrekt framstilling av samfunnsstrukturen.

Dale har mellom anna bakgrunn frå Norsk Folkemuseum, der han var prosjektleiar for oppbygginga av Norsk rettsmuseum, som i dag ligg i Trondheim. Tre skjønlitterære romanar har han òg ført i pennen, før han tok til på det omfattande arbeidet som bygdebokskribent. At han er språkmektig er heller inga ulempe i forhold til å tyde kjelder. Han har studert latin, les gamalnorsk og meistrar portugisisk, engelsk, tysk og fransk.

FAKTA: Jekt: ei klinkerbygd skute med råsegl. Fleste var på 20-30 lester (1 lest svarte i vekt til 2.160 kg). Somme var jamvel 40. Eit leidangsskip med mannskap på 120 var på 60 lester.

Fiskerikapitalistar

Før Dale byrja å studere historia meir inngåande, trudde han at det sunnmørske industrieventyret var eit ungt fenomen, som strekte seg frå perioden 1900 til 1950. Han oppdaga derimot at opptaktene til den økonomiske revolusjonen byrja lenge før, med industrialisering av fiskeriet og opphevinga av den tradisjonelle fiskarbonden.

Allereie frå 1600-talet vart det sunnmørske fiskeriet ei stadig meir kapitalistisk næring prega av rasjonalisering og teknologiske nyvinningar. Ved å selje jordeigedomar, samt nytte kapital opparbeidd under trelasteventyret på 1500- og 1600-talet, hadde sunnmørsborgarane mulegheit til å investere i fiskeriet.

– Fleire borgarar var òg aktive nyvinnarar i næringa, uttalar historikaren. Og trekkjer fram Claus Nilssen (Svertz), pionér i innføringa av torskegarn. Kring 1750 byrja Hans Henriksen Holtermann frå Brunholmen med klippfisktilverking. Ålesundsborgar Joachim Anderssen var den første i Norge som tok i bruk dampskip i fiskeriet i 1880-åra.

Handelsskuter

Ein viktig grunn til at den sunnmørske borgarstanden var så sterk, var med andre ord at den rådde over eigen kapital og ikkje var avhengig av kjøpmenn i Bergen.

I heile tidbolken Dale set fokus på, var borgarane primært fiskehandlarar. Dei kjøpte opp fiskevarer som vart produserte på Sunnmøre, og frakta dei til Bergen og vidare ut på verdsmarknaden. Det å eige ei jekt, ei klinkerbygd skute med råsegl, var avgjerande for utstrekninga på handelen. I starten av perioden trafikkerte ein del bergens- og bondejekter på Sunnmøre.

– Omkring 1760 var derimot alle jektene eigd av sunnmørsborgarar.

Den viktigaste sunnmørsvara, tørrfisken, vart frå 1740-åra avløyst av klippfisk. Heim tok borgarane med seg salt og hamp, brennevin og tobakk, samt kramvarer, som sukker og synåler.

– Og ikkje minst tok dei med seg nye idéar. Og reine pengar.

Grums

I arbeidet med å kartleggje borgarseta har Dale kome over ein del grums frå fortida. Nazisympatiar og barn utanfor ekteskapet er eksempel på skambelagte sider ved eit menneskes fortid. Men det er ein del av slektshistoria det òg, og bør ikkje skjulast, meiner Dale.

Å grave seg ned i skriftlege kjelder, frå futerekneskap og rettsprotokollar, til kyrkjebøker og panteregister, er ein del av «detektivarbeidet» Dale set pris på. Som den gongen han kom over eit hol i historia han ikkje kunne finne eit logisk svar på.

– Ein av dei rikaste ungkarane på Sunnmøre, Knud Nilssen Hafnen i Hamna på Sula, arva 5.000 dalar, men var omtrent fallitt då han døydde. Det fekk meg til å undre på kva som hendte, seier Dale. Det viste seg at han hadde forlate det blømande borgarsetet sitt for å dra til Kina. Kvifor? Jo, fordi han var spedalsk, og ville finne ein kur mot sjukdomen. Han lukkast ikkje. Leitar ein godt nok, er det mange sørgelege lagnader som vert avdekt. Men også mange strålande.

BLI MED: Første artikkel kjem i avisa tysdag 25. juni. Det blir lagt opp til stor grad av interaktivitet i samband med artikkelserien. Du får høve til å kritisere teksten, og ikkje minst fylle ut med nye opplysningar, det vere seg segner, stadnamn eller fotografi og teikningar.

 

Her er ein meir utfyllande presentasjon av borgarseta og borgarstanden på Sunnmøre 1570-1870:

I hundreåret 1850-1950 gjennomgikk Sunnmøre ein økonomisk revolusjon som saknar sidestykke i Norge, ei snøgg og omfattande modernisering av næringslivet, som mest iaugefallande viste seg i det såkalla «industriunderet». Å sjå til uforklarleg vaks fabrikk på fabrikk opp i det ein då oppfatta som eit utkantstrok, eit område som både mangla samferdselsårer til omverda og industriråvarer.

I etterkrigstida blei Sunnmøre gjort til føredøme for dei stroka som låg i ei historisk-økonomisk bakevje, noke som gjaldt svært store delar av landet. Sunnmørsmodellen skulle skape overgang frå førmoderne agrarsamfunn til kapitalistisk industrisamfunn, og samfunnsvitarane tok til å leite etter den gyldne lykjelen som hadde opna for utviklinga på Sunnmøre. Granskingsprosjekt blei sette i gang, men svara ein kom fram til var og blei svevande.

Eitt var det likevel semje om: Det låg i «sunnmørslynnet», ei blanding av dugnadsvilje, sparsemd og gründerånd. Eit luftig svar, og ein «lykjel» det ikkje var greitt å nytte andre stadar, korkje heime eller i tilbakeliggande område elles i verda, som ein også ville hjelpe fram då, og enno.

 

Den gløymde bakgrunnen: Borgarveldet

Det var kanskje slik at «sunnmørslynnet» heller var ei følge av enn ei årsak til næringsunderet på Sunnmøre, for noke eldre slikt ålment folkelynne er ukjent. Det som derimot er visst, men svært lite kjent, er at Sunnmøre i dei føregåande hundreåra hadde ein økonomisk-sosial struktur som var heilt særeigen i det nordanfjellske Norge: ein borgarstand som ikkje berre hadde hand om all handelen i området, men også herredøme over stordelen av næringslivet elles, jordbruket og fiskedrifta.

På heile norskekysten fanst det borgarar, men ingen stad var dei så talrike som på Sunnmøre. Dette gjenspeglar den enkle kjensgjerninga at vareproduksjonen var større på Sunnmøre enn elles, særleg på grunn av det veldige innsiget av vårgytande torsk. Innsiget var ofte større i Lofoten, men torsken der blei delt på fiskarar frå Trøndelag i sør til Russland i nord. På Sunnmøre var sunnmøringane åleine om torsken, og produktiviteten var også svært høg.

 

Kapital og innovasjon

Rått sagt: På 1700-1800 talet fiska 3000 sunnmøringar nær like mykje som 30.000 nordlendingar. På Sunnmøre var torskeliner og -garn i bruk på 1600-talet, men ikkje før 200 år seinare i Nordlanda, og då fiskedrifta på Sunnmøre var fullmotorisert og tilverkinga langt på veg industrialisert kring 1900, dreiv nordlendingane enno på gamlemåten.

Den store skilnaden skreiv seg helst frå at borgarstanden på Sunnmøre rådde over eigen kapital (og ikkje var avhengige av kjøpmennene i Bergen), truleg opparbeidd under trelasteventyret på 1500- og 1600-talet, og at borgarane ikkje berre var passive aktørar i fiskedrifta (ved å finansiere fisket), men at dei også sjølve var store fiskedrivarar og tilverkarar. Og borgarane var aktive nyvinnarar i næringa: Claus Nilssen (Svertz) på Slinningen var pionér i innføringa av torskegarn; han var borgar, likeeins Hans Henriksen Holtermann frå Brunholmen som tok til med klippfiskverking kring 1750. Og Joachim Anderssen på Grimmergård i Ålesund, den første som tok i bruk dampskip i fiskedrifta i Norge, i 1880-åra.

 

Fiskerikapitalisme og industrialisering

Frå kring 1600 blei fiskedrifta på Sunnmøre altså ei stadig meir kapitalistisk næring, ei næring som var dominert av borgarane og prega av den dynamikken som kjenneteiknar slike næringar: vokster, rasjonalisering og teknologiske nyvinningar. På 1800-talet heldt utviklinga fram, og fiskedrifta på Sunnmøre gjennomgikk det vi elles ville ha kalla ei industrialisering. Dampkraft overtok framdrifta og mykje av arbeidet, næringa blei heilårsdrive og arbeidskrafta profesjonalisert og proletarisert.

Dette fekk også følger for jordbruket. Fiskarbonden blei oppheva og splitta i yrkesfiskaren og den profesjonelle bonden. Dette frigjorde mykje arbeidskraft i jordbruket, ei arbeidskraft som først var til dels overflødig lokalt (og utvandra), men som etterkvart kunne nyttast i den spede industrien som oppsto som følge av næringsomveltinga i andre halvdelen av 1800-talet. Det oppsto då ein marknad for forbruksvarer som fiskarbøndene før hadde laga sjølve, frå klede og sko til ymse næringsmiddel og innbu, mest møblar. Elles kravde den industrialiserte fiskerinæringa ein stor støtteindustri, alt frå skipsverft til vegnfabrikkar.

Den tidlege industrialiseringa tok til i Ålesund og heldt lenge fram der (noke som er lite granska) før ho breidde seg til bygdene frå kring 1900 og utetter. «Industriunderet» var ei kjensgjerning.

 

Næringsrevolusjonen

Den sunnmørske borgarstanden var langt på veg ei gruppe av fiskerikapitalistar, og standen sto bak og dreiv fram industrialiseringa av fiskerinæringa. Kapital kunne dei i stor grad hente ved å avhende jordeigedom, for borgarane var også store jordherrar, somme godseigarar. Borgarane måtte bli reine kapitalistar, og fiskarbøndene, som for det meste måtte bli reine bønder, måtte også bli sjølveigarar.

Mykje kapital blei frigjort, og han blei reinvestert lokalt. Samtidig blei arbeidskraft frigjort, og det var duka for den sunnmørske næringsrevolusjonen. Han tok til i første halvdelen av 1800-talet og held på sett og vis fram enno.

Borgarstanden var den sentrale aktøren i denne omveltinga, og derfor er det viktig å forstå korleis denne standen utvikla seg og kva han sto for.

 

Bakgrunnen

Frå andre halvdelen av 1500-talet og i kring tre hundre år utetter utgjorde borgarstanden stordelen av overklassen på Sunnmøre, ein klasse som elles besto av eit titals embetsmenn: futen, skrivaren, ein handfull prestar, nokre få offiserar og stundom ein tollar eller to. I denne artikkelserien skal vi ta for oss borgarstanden frå sist i 1560-åra og fram til handelsprivilegia blei oppheva i 1866, og endå nokre tiår utetter.

I denne trehundreårsbolken var i alt kring 200 borgarsete i drift på Sunnmøre, nokre i eininga, men mange berre i ein mannsalder eller to. Oftast var 40-45 borgarsete i drift samtidig, men i gode tider kunne talet kome opp i 50, som i 1750-åra, og jamvel 60, som kring 1630, då trelasthandelen enno sto ved lag.

Dei borgarseta som verka lengst var helst dei eldste og største, som Rotset, Ørstavik, Sandshamn, Larsnes, Flåvær, Herøy, Kjeldsund, Borgarøya, Håkeshamn, Hareid og Brandal, Hella, Lorkeneset og Grimmergård i Ålesund, Valderhaugstrand, Laberget, Tyskholmen, Sørneset, Taskeberget, Larsgården, Fransholmen, Hamna og Vegsund i Borgund, Apalset i Ørskog og Sløgstad på Stranda. Kjende borgarsete som Stordalsholmen, Åheim og Haugsholmen er yngre enn desse.

 

Kva var ein borgar?

Opphavleg var ein borgar ein mann med borgarrettar i ein kjøpstad, borgarskap. Utan borgarskap kunne ein korkje drive yrkesmessig handel, kjøpmannskap, eller handverk. Ein måtte stette strenge vilkår for å få borgarskap, både økonomiske og juridiske, og var ein først blitt borgar nytte ein godt av eit privilegium som til vanleg ville gi gode inntekter livet ut.

På Sunnmøre var nemninga «borgar» éintydig. Det dreidde seg om ein profesjonell og privilegert handelsmann. Borgarane på Sunnmøre frå 1500-talet og lenge utetter hadde borgarskap i Bergen og var «rette» borgarar, men frå kring 1700 og fram til opphevinga av handelsprivilegia i 1866 bygde dei rettane sine på andre grunnlag, lang tids bruk kombinert med særleg høge skattar.

Når nemninga «borgar» heldt seg så godt på Sunnmøre også etter at borgarane her ikkje lenger var borgarar av Bergen kan det ha vore fordi uttrykket viste til ein svært viktig del av verksemda deira, nemleg å «borge»: å selje varer på kreditt. Borgaren borga ut varer og bonden tok varer på borg, fiskarbonden, må vi legge til, for kreditten gikk mest med til å finansiere fisket.

 

Borgarnæringa

Sunnmørsborgarane sto for det aller meste av varebytet mellom Sunnmøre og omverda. Stordelen av utførslevarene sunnmøringane produserte gikk gjennom borgarane sine hender, likeeins varene som måtte hentast utanfrå. Fram til 1640-åra var trelast ei viktig utførslevare, men i heile tidbolken 1570-1870 var borgarane primært fiskehandlarar: Dei kjøpte opp fiskevarene som blei produserte på Sunnmøre og førte dei ut på verdsmarknaden, i gjerda Bergen. Så lenge trelasthandelen sto ved lag blei ein del fiskevarer førte beinveges til utlandet, likeeins etter at Ålesund fekk nye ladestadrettar i 1824, men det var først frå den tid at Ålesund blei Byen for sunnmøringane; før hadde det vore Bergen. Borgarane finansierte stordelen av fiskerinæringa og var også sjølve store fiskedrivarar.

Med jektene for borgarane til Bergen med fiskevarer: tørrfisk, saltfisk, sild og tran, og frå 1740-åra også klippfisk, som etterkvart trengde ut tørrfisken. Dei førte også ut andre varer, alt frå tjøre til kjøt, smør og ost, alt frå bandstakar (tønneband) og ved til huder og skinn, men verdien av desse varene vóg lite i høve til fiskevarene.

Heim førte dei alle slags varer som sunnmøringane ikkje, eller berre i liten grad, produserte sjølve: salt, jern, humle, hamp, brennevin og tobakk, dessutan malt og ein del fine kornvarer. I tillegg kom dei heim med reie pengar og ei mengd kramvarer, alt frå sukker og kanel til synåler og fløyel. Med seg hadde dei elles all slags litteratur, også verdsleg og vitskapleg, og, ikkje minst, nye idéar.

Borgarnæringa hadde to materielle kjernepunkt, borgarsetet og jekta. Desse skal vi sjå nærare på.

 

Borgarsetet

Borgarsetet var ei ruvande og flott, og ikkje minst dyr, bygningssamling i eit omvære av små og grå torvtekte bonde- og husmannsstover. Borgaren budde, på line med ein embetsmann, i ei diger lån, eit våningshus med éi eller, helst, to høgder. Det dreidde seg om tømmerhus, men utvendig panelte og, ikkje minst, måla, oftast kvitmåla på synlege fasadar, men elles raudmåla. Måling var dyr, og kvitt var dyrare enn raudt. Taka var tekte med pannestein eller skifer.

Våningshuset kunne vere 12-24 meter langt og 8-12 meter breitt. Det hadde mange vindauge og kakkelomnar. Veggane var tapetserte og pryda med måla portrett av borgarfamilien og stundom av kongefamilien. Møblane var tunge og dyre og heilt ulike det folk flest hadde i stovene. Borgarane følgde dei internasjonale innreiings- og klesmotane frå barokk via rokokko til empire.

Borgarhuset var ikkje berre ein heim, men også ein samlingsstad, bygd for både store gjestebod og tingsamlingar. På mange av borgarseta var andrehøgda ein høglofta sal som blei kalla Riddarsalen. Dette var kanskje eit minne om bygningstypen sitt opphav, som helst var dei store steinhallane som kongar og adelsfolk bygde på 1200-talet, t.d Breidstova (Håkonshallen) i Bergen og (det litt mindre) Steindaloftet på Giske. Øvstehøgda i desse gamle hallane var, i heilt bokstavleg tyding, riddarsalar: salar der høgadelen, riddarar og baronar, møttest både til kvardags og fest.

Men borgarsetet var mykje meir enn berre låna. På dei fleste borgarseta fanst det også endå eit våningshus, borgstova, der tenestefolket av bondestand budde. Ei borgstove var ei røykstove, eit hus av det slaget ålmugen budde i, utan vindauge og med åre (ikkje omn) og ljore. Borgarseta hadde også sengabuder, små hus der reisande eller tenestefolk kunne sove.

I tillegg fanst det haugevis av hus utanom våningshusa. Det dreidde seg om sjøbuder (brygger), båtnaust og jektenaust, eldhus (kombinerte badstover, bryggar- og vaskehus), nokre sjåer (glesne tørkehus for fisk) og stundom ei smie. Då er vi oppe i 10-12 bygningar. Dei fleste borgarane heldt husdyr, og dermed måtte dei ha nokre fjøsar. Svært mange borgarar dreiv også gard, og til kvar gard høyrde ei rekke bygningar, løer, fjøsar og sel.

Eit borgarsete var eit lite samfunn som kunne telje frå 8-10 til over 30 menneske. Huslyden til ein vanleg bonde talde kring seks menneske, og ein husmannshuslyd sjeldan meir enn fire.

 

Jekta

Ei jekt var ei klinkerbygd skute med råsegl. Dei minste jektene var på 10-12 lester, dei fleste på 20-30 og nokre jamvel endå større. Ei lest svarte i vekt til 2160 kg, i volum til 16 fisketønner à 117 liter eller 12 tønner à 156 liter (amer). Ei jekt på 24 lester kunne føre 384 fulle tønner, men snautt 2880 våger tørrfisk (1 våg = 18 kg), som vóg like mykje (nær 56 tonn), fordi fisken tok mange gangar større plass.

Til jamføring: Kring 1300 skulle kvart av skipreida på Sunnmøre stille eit krigsskip, eit lang- eller leidangsskip, ei 25-sesse, med eit mannskap på 120. Langskipet var på minst 48 lester, men kanskje heller 60. Inga jekt på Sunnmøre var meir drektig enn 40 lester. Og der langskipet var havgåande, var jekta snautt dét.

Likevel ser det ut til å vere ein samanheng mellom langskipa og (dei yngre) jektene. Kring 1300 skulle bygdeskipreida på Sunnmøre stille 16 langskip og kaupstaden Borgund mest truleg endå eitt. I 1563 var det ingen langskip på Sunnmøre lenger, men lenet hadde 33 jekter, og mykje tyder på at langskipa var blitt delte i seinmellomalderen, då folkemengda berre var ein femte- eller sjettedel av det ho hadde vore før Manndauden i 1349 og Den litje istida som sette inn på 1300-talet. Ikkje berre såg jektene ut som, bokstavleg tala, halverte langskip, men dei var enno på 1500- og eit stykke ut på 1600-talet del av sjøforsvaret, ja, stordelen av det.

I 1560-åra trafikkerte også 8-10 bergensjekter Sunnmøre. Talet på jekter som førte varer mellom Sunnmøre og Bergen då var vel 40. Det same var tilfellet i 1760-åra. Trass i at folkemengda hadde meir enn dobla seg i mellomtida sto jektetalet fast. Men der jektene i 1563 kanskje berre gjorde éin til to bergensturar om året, gjorde dei 200 år seinare tre til fire, og somme jamvel fem bergensturar. Og kring 1760 var alle jektene i eiga til sunnmøringar eller, rettare sagt: sunnmørsborgarar.

Enno i 1854 var det 40 jekter over 10 lester på Sunnmøre samt 14 mindre; dette var store robåtar, tendringar (tiæringar) som var rigga og utstyrte som jekter. I tillegg hadde futedømet, rettare sagt Ålesund, fått ein flote av havgåande farty av skonnertar, briggar, sluppar og skøyter samt ei rekke små dekksbåtar. Det gamle sto ved lag, men svært mykje nytt var kome til. Og ikkje lenge etter var jektene for alltid ute av soga, i alle fall sunnmørssoga, for nordlandsjektene heldt fram med å fare på Bergen til eit stykke ut på 1900-talet.

 

Borgarstanden

I 1633 var det 60 aktive borgarar på Sunnmøre. Vi kjenner det geografisk opphavet til dei fleste, og minst 38 var norskfødde (men somme andre- eller tredjegenerasjons innvandrarar), og minst 26 av desse var sunnmøringar. Resten var for det meste danskar, flest truleg sønderjydar.

Ein liten mannsalder før, i 1606, var innslaget av utlendingar større, men i 1633 var borgarstanden på Sunnmøre overvegande norsk, og truleg mest sunnmørsk. I 1633 opptrådde sunnmørsborgarane som ei samla politisk gruppe. Dei utgjorde dermed ein stand, ei gruppe med sams økonomisk basis som både hadde medvet om dette og som samhandla der etter. Dei utgjorde ein stand også i sosial tyding: Dei visste at dei utgjorde ei eiga gruppe, og alle andre visste det med.

I første tredjedelen av 1600-talet kan det ha vore eit visst samgifte innanfor borgarstanden, men vi veit lite om dette. Seinare auka det på, og kring 1700 tar borgarstanden til å likne på ei einaste, stor slekt. Standen var ikkje heilt slutta, for det var enno rom for ein og annan nykomar, ein framtøken bondegut eller ein innflyttar, men dette var unntaket som stadfeste regelen.

 

Borgardynastia

Allereie frå tidleg 1600-tal er det råd å sjå omritet av somme borgardynasti, det gjeld m.a ættene til borgarane Johan Willumsen i Hannsund og Peder Nilssen Laaren i Nørvasundet, begge mest truleg norskfødde, og ikkje minst ætta til storkjøpmannen og godseigaren Jens Gundersen i Kjeldsund, ein av dei rikaste borgarane på Sunnmøre noka tid. Seinare stig borgardynastia meir tydelege fram. Det som viser seg først er slekta Langeloe, etterkomarane til Knut Pederson på Langlo på Stranda, som var både borgar av Bergen og lensmann i Dale skipreide. Noke seinare dukkar dynastiet Rødset opp i Volda, etterkomarane til bjørkedalingen Oluf Povelson som budde på Rotset, borgar av Bergen og lensmann i Volda.

Midt på 1600-talet kjem endå nokre sunnmørske borgardynasti til synes. Det gjeld først og fremst slektene Brandal og Abelset, begge av ursunnmørsk opphav, og slekta Wig frå Vik i Ørsta, som for det vi veit kan ha hatt eit like gildt opphav; ei grein av denne var borgarætta Hougsholm. Samtidig kom nokre borgardynasti med eit meir smålåte opphav opp: Hafnen i Hamna på Sula, Sørenætta på Magevågneset i Borgund (Sørneset), Smith på Larsgarden, Svertz med dattergreinene Stokberg og Holtermann på ei rekke borgarsete og Arentz frå Hundsværholmen, no Tyskholmen (oppkalla etter stamfaren Steffen Bertelsen Arentz, «Steffen Tysk»).

Fleire borgarætter og -dynasti

Andre borgarætter frå tida kring 1700 var Lievog i Liavågen og Eegsund i Eiksund (same ætt), Fros på Borgarøya og Larsnes, Smit på Giske, Wingaard på Laberget, Assens på Grimmergård og Thode på Todeplassen (no Lorkeneset) i Ålesund, og Høgh, både i Vegsund og Skuggen. Høgh-ætta blei eit retteleg dynasti, og svært mange borgarar på 1800-talet stamma frå dette. På denne tida dukkar ætta Honningdal (etter borgarsetet med same namnet) opp, etterkomarane til Jetmund Eriksen, borgar på Stordalsholmen frå 1690-åra og utetter. Denne ætta, med ei grein av namnet Hagerup på Giskegard, kan også kallast eit borgardynasti. Også ætta Wiig, med namn etter borgarsetet Ulsteinvik, dukkar opp på denne tida.

Frå 1600-talet og utetter i mange ættledd var det samgifte mellom sunnmørske borgarætter og det mektige og talrike embetsmanns- og borgardynastiet Tonning med namn etter Togning i Stryn. Den første av denne ætta kom til Sunnmøre i 1730-åra, Jens Pedersen Tonning på Fransholmen. Seinare dukka fleire opp; den mest kjende er Peder Tonning, borgar på Steinvågneset, første ordføraren i Ålesund, tingmann med meir.

Borgarætta Løeg med base på Valderhaugstrand kom til i 1740-åra, og gjorde seg gjeldande i meir enn hundre år, og trass i at ho ikkje var talrik må ætta reknast som eit dynasti. Noke seinare kom tre dynastibyggarar til, alle innflyttarar, Nils Jacobsen Wind på Taskeberget, Sivert Olsen på Herøy og Christopher Rønneberg på Kriksholmen. Rønnebergdynastiet gjorde seg gjeldande like til vår tid, og dynastiet Wind i framhaldet Daae og Daae-Qvale på Solnør samt Landmark på Brandal.

Ætta Mechlenburg kom til på denne tida, og utgjorde snart eit dynasti, men ho var eit framhald av dynastiet Høgh. Kring 1800 dukka så tre nye dynastibyggarar opp, hallingdølen Webjørn Svendsen i Ørstavik og romsdølen Nils Devold på Olsplass i Ålesund, begge driftige haugianarar. Etterslekta deira blei svært talrik og sette sterkt preg på det sunnmørske næringslivet til eit stykke ut på 1900-talet og til dels enno. Den tredje var bergensaren Andreas Landmark, som kom til Brandal i 1797.

Mange fleire ætter kunne ha vore nemnde, t.d Lytkes, Black, Grot, Panter, Lind, Binston, Glad, Holst, Holthus, Lund, Bie, Lorch, Luth og Reimers, Schielderup (frå Flåvær), Schreuder og Ravn (frå Åheim), Guding og Krey (frå Gamlem) og Danholm (frå Drynesund), men alle vil bli omtala i artikkelserien, til liks med ei rekke andre ætter.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s