Åheim

I 1666 er OLUF LIND, presteson frå soknet, ført som brukar av garden, 23 år gammal. I alle fall frå 1680-åra ser han ut til å ha drive handel. I 1701 er han kalla strandsittar; han var då 59 år gammal og brukte lidet kiøbmandschab, som han truleg heldt fram med til han døydde i 1717. Han var bror til Sverke Olufsen Lind som tok borgarskap i Bergen i 1665 og til vanylvspresten Jonas Olufsen Lind.

  Etter denne tid låg handelen nede til kring 1750, då OLE OLSEN AAJEM, bondeson frå Tunheim, tok til å handle her; handelsskatt 1752-63.

  Enka etter Ole Olsen ekta JØRGEN RASMUSSEN AAJEM, bondeson frå Skjervheim, som heldt frm med handelen; handelsskatt 1764-65.

  1767-69 svarte INGEBRIGT PEDERSEN AAJEM, før bonde påa Gamlesæter, handelsskatt. Mest truleg dreiv han og føremennene brennevinshandel.

  Frå 1770 verka ein større kremmar på Åheim, NILS CHRISTIAN SCHREUDER, presteson frå Vanylven. Han svarte handelsskatt tidbolken 1770-1822 med unntak av åra 1772-73. I 1785 heitte det om Schreuder og Haajem:

 

Har for nogle aar, som begynder, indrettet dette handelsstæd, fører en liden handel mest bestaaende i sild og fiskevahrer, som det eeneste stæd i sognet ansees det ej ufornødent, da almuen der kan blive assisteret med det nødvendige de tiltrænge.

 

  Sonen NILS CHRISTIAN SCHREUDER junior skal ha drive gjestgiveri på Åheim i 1820-åra, men utan å svare skatt av det. I 1831 flytta han til Bergen, der han var underfut og politibetjent.

  I 1833 overtok ANDREAS LANDMARK junior, futeson frå Ytre Brandal, over borgarsetet. Han svarte handelsskatt 1834-39. I 1845-46 var han styrar av amtslandbruksskolen på Åheim. Seinare flytta han til Romsdal, der han var lensmann i Grytten.

  I 1839 fekk TOLLEF LEM RAVN, kremmarson frå Gjerde på Eid i Nordfjord (jf Haugsholmen) kongeleg kremmarløyve for Åheim. Handelsskatt 1839-67. Ravn handla til 1894, då han selde føretaket til Christian Fuglestrand frå Bergen som døydde same året. I 1880-90 åra styrte Ravn sin son, Mathias Ravn, handelen. Enka etter Tollef Lem Ravn sat med brennevinsretten eit stykke inn på 1900-talet. Ho døydde i 1918.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s