Aurvåg

I 1606-1607 blei borgaren HENRIK PEDERSEN, som budde ein stad i Herøyområdet, bøtlagd for ulovleg utliggarhandel. Mest truleg var han lik mannen av same namn som brukte Aurvåg til 1612. Han tok kanskje borgarskap i 1597, men kan ha vore verksam lenge før den tid, for ein Henrik i Aurvåg er nemnd mellom jekteeigarane på Sunnmøre i 1563. Sonen til Henrik, Anders i Klungsøyr, kalla seg Skott, noke som kan tyde på at ætta var av skotsk opphav. Andrekona til Henrik heitte Margrete Clausdatter.

  Ein bror av Margrete kan ha vore Herr JØRGEN CLAUSSEN som brukte Aurvåg 1612-26. Han er i 1626 nemnd som ombodsmann for kirkegodset Margrete prebende i Borgund; mest truleg var det derfor han blei kalla med prestetittelen «herr». Han var son av den mektige borgundpresten Claus Corneliussen. Det er ukjent om han dreiv handel, men rimelegvis gjorde han det. Jørgen var bror til stjørdalspresten Jens Claussen Parelius og borgundpresten Hans Claussen Gaas. Sjølv endte han sine dagar på Nordmøre, der etterslekta kalla seg Parelius.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s