Borgarøya

Det offisielle namnet no er Lille Hatløya. Frå 1609-10 svarte ein Simon som grunnleige til kruna av øya, som han brukte til 1614-15. Mest truleg var han lik borgaren SIMON JACOBSEN som i 1606-07 blei bøtlagd for ulovleg utliggarhandel i Sørluten av Sunnmøre. Etter namnet kan han høve som son til den mulege borgaren Jacob Simonsen på Nerøy i Herøy og, ikkje minst, som far til den Jacob Simonsen frå Hareids sogn som tok borgarskap i Bergen i 1646, som atter kan ha vore lik borgaren Jacob på Borgarøya i 1660-åra (sjå nedanfor).

  Frå 1615-16 heitte brukaren MIKKEL ANDERSSEN GROT, og han hadde borgarskap i Bergen frå 1616. Han var frå Flåvær. Mikkel var mest truleg gift med enka etter Simon, og såleis stefar til Jacob Simonsen. Argumentet for dette er at Jacob kalla sonen Mikkel (sjå nedanfor). Mikkel Grot levde i vissa til 1648-49. Han hadde sjølv sonen Povel Grot, som var skreddar på Borgarøya og døydde barnlaus mellom 1668 og 1680. Einaste ervingen hans var Anders Christensen Grot, som må ha vore brorsonen og som i 1701 budde på Svindal, Dverberg i Nordland, 68 år gammal og hadde sonen Mikkel, 26 år gammal.

  Neste brukar på Borgarøya etter Mikkel Grot ser ut til å ha vore borgaren Jacob som er nemnd her i 1666. Mest truleg var han lik den ovannemnde borgaren JACOB SIMONSEN med borgarskap frå 1646. Jacob kan ha vore far til den rike borgaren Nils Jacobsen på Hareid og i Liavågen.

  Enka etter Jacob, Else, ekta så CHRISTEN CHRISTENSEN FROS, borgarson frå Larsnes, som tok borgarskap i Bergen i 1669, og som seinast var her i 1674. Før den tid kan han ha handla nokre år på Larsnes. Christen Fros døydde i 1720, og han handla nesten like til den tid.

  Sonen CHRISTEN CHRISTENSEN FROS junior tok så over og handla her i det minste til 1742, trass i at han i 1736 skaffa seg tingsvitne på at han iche handler for ringeste schilling. På skiftet etter kona Maren Hansdatter Hommers i 1743 blei midlane sette til nær 845 rd, skulda til 787 rd.

  I 1744 var ein ny kremmar i gang her, FRANTZ JOHANSEN RØDSET, før kremmar på Rotset i Volda, som i 1745 kjøpte borgarsetet av Christen Fros jr. Rødset var lensmann i Ulstein skipreide kring 1745-50 og i Nerøy skipreide 1746-84. Han svarte handelsskatt 1744-64 og gjestgivarskatt 1786-90. Også i mellomtida brukte han handel og gjestgiveri. I 1749 dreiv han lit handel som han kunne skatte 10 rd av årleg. I 1777 bygde han eit skip som han same året sende til Skottland med ei last sagbord, men skipet forliste. På skiftet etter seigneur Frantz Rødset og kona Kirsten i 1793 blei aktiva i buet sette til 7014 rd (m.a 35,5 våger jord, som svarte til 40-50 leiglendingar), passiva til 1596 rd. Dette var rikfolk.

  I 1780 fekk sonen CLAUS RØDSET kongeleg kremmarløyve og dreiv så truleg handelen til 1786, då han flytta til Håkeshamn. Han svarte ikkje handelsskatt. I 1785 heitte det om Lille Hatløe:

 

Stædet er særdeles beqvemt til giestgiverie og skydsskafferstæd, hvorpaa giestgiveriets nuværende ejer har erholdt privilegium for nogle aar siden; til videre handel end som giestgiveriebevillingen tillader, ansees stædet ufornødent.

 

  Broren Jan eller JOHAN JACOB RØDSET fekk kremmarløyve for Borgarøya i 1790. Same året tok han til å handle på Hareid. For handelen på Borgarøya svarte han handelsskatt 1794-1804, ervingane 1806.

  I 1807 flytta broren CLAUS RØDSET tilbake hit, og svarte handelsskatt 1807-30.

  I 1829 selde han borgarsetet til SVEND SVENDSEN, kremmarson frå Ørstavik, som svarte handelsskatt 1831-57, enka 1858-61.

  Sonen WEBJØRN SVENDSEN svarte handelsskatt her frå 1862 og utetter. Han skal ha vore den som dreiv handelen allereie frå 1849. Han døydde i 1879. Enka dreiv visst til 1881.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s