Borgarseta i Herøy

Minst 17 borgarsete var i drift i Herøy sokn gjennom tidene, men berre få samanhengande gjennom mange ættledd. Likevel var Herøy det mest borgartette området på Sunnmøre utanom Borgund. Dei meste kjende borgarseta no er Flåvær, Herøy og Kjeldsund, som også var mellom dei eldste og mest varige borgarseta i soknet, men også på Gjertholmen, i Flusund og på Skottholmen blei det handla stort til tider. Rikaste borgaren på Sunnmøre på 1600-talet, kanskje noka tid, var Jens Gundersen i Kjeldsund. Han var av Gudbrandsætta, storgodseigar og ein handlekraftig kar, m.a fekk han avsett herøypresten, den drikkfeldige koneplagaren Hans Jenssen Sahl.

  Og frå 1762 like til 1824 budde den legendariske storborgaren Christopher Rønneberg på Kriksholmen, som fekk namn etter han, Kristofferholmen. Kring 1800 var han den rikaste mannen på Sunnmøre. Ein annan storborgar og samtidig med Rønneberg var Hitaguten, lesjaværingen Sivert Olsen som blei herre på Herøy og andre borgarsete og fekk ei diger etterslekt. Korkje Rønneberg eller Olsen var karar som nytta silkehanskar i omgang med skuldmenn og leiglendingar. Begge var fødde i bondestand og dei slo seg opp, stundom i heilt bokstavleg tyding… 

  Fleire, no gløymde borgarnamn er gøymde i borgarsetenamn, som Blanche i Blankholmen og Pape i Papeneset. Ingen minnest tyskaren Hans Henriksen Pape, ein mann som i 1606 bøtte dyrt for brotsverka sine mot bøndene, men namnet lever.  Også Jensholmen og Gjertholmen, for ikkje å gløyme Kristofferholmen, har namn etter borgarar som budde der. Skottholmen kan vere eit minne om skottar som handla på staden.

  Borgarætta Grot stamma frå ei myndig kvinne, Anne Hansdatter Grot på Flåvær, som i 1615 skilde seg frå ektemannen, som hadde forlate ho og mange barn sju år før. Ætta hennar lever truleg enno på Sunnmøre. 

  Av borgarætter i Herøy elles var  m.a Dischingtun, Holst, Nagel, Binston, Holthus, Reimers, Glad og Lund, men dei mest kjende no er vel Schielderup (fleire stadar), Rønneberg, Wiig (Flåvær), Olsen og Svendsen (Kjeldsund).

  Borgarseta blir rekna opp i denne rekkefølga: Flåvær, Skottholmen, Flusund, Nerøy, Gjertholmen, Papeneset, Herøy, Petterholmen, Jensholmen, Blankholmen, Moltu, Stokksund, Raftenes, Aurvåg, Kriksholmen, Dragesund I og Kjeldsund   

 

H E R Ø Y

I dette soknet var minst 17 borgarsete i drift gjennom tidene, men berre få var i samanhengande bruk gjennom hundreåra. Kjeldsund og Flåvær var dei mest varige. Her skal borgarseta nemnast i nær geografisk rekkefølge. Vi går ut frå Flåvær, fer så over Bergsøya, Bølandet og Herøyholmane til nordsida av Gurskøya, vidare aust til Stokksund og så mot vest og søretter gjennom Dragesundet.

 

Hans Lennart Sævik har sendt inn dette bildet av eit kart fra 1793 som viser leia mellom Stad og Kristiansund. Det høver vel best å legge det inn under Herøy.

 

Nr-132 kart Christiansund - Stadt-Land

Sjå nærare om dei einskilde borgarseta under:

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s