Borgarseta i Ulstein

Eitt av dei mest seigliva borgarseta i Ulstein sokn heitte Håkeshamn og låg på ein holme nord om Hatløya, Håkonsholmen, men også kjend som Skrivarholmen og Gullsmedholmen. Det sistnemnde namnet skriv seg ikkje frå insektet gullsmed, marihøne, slik nokre granskarar har meint, men rett og slett av at det budde ein gullsmed der i ein mannsalder, 30 år, borgaren Jan Dischingtun Berle. Nesten like lenge budde sorenskrivar Staboe der, 1809-37, og holmen fekk så namn etter yrket hans. Eldre borgarnamn i Håkeshamn er Brandal, Glad, Reimers, Svertz, Holst og Rodt, yngre Rødset og Høgh.

  Det mest kjende borgarsetet i Ulstein var uttrykkeleg borgarsete, Borgarøya (Litje Hatløya), det det blei drive borgarnæring i eininga i meir enn 300 år av ætter som Grot, Fros, Rødset og Svendsen. På Borgarøya, som i Håkeshamn står enno delar av den gamle bygningsmassen.

  På 1500-talet kan Skeide ha vore handelsstad, og Ytre Flø noke seinare. Først på 1600-talet budde det også borgarar i Dragesund II. Kring 1700 kom Vik, Ulsteinvik, opp som borgarsete, og ikkje så lenge etter Vattøya. I Ulsteinvik handla ætter som Brandal, Eegsund, Wiig, Paus, Schielderup og Svendsen. Borgarsetet Vattøya blei grunnlagt av Ole Pedersen Nibe i 1713. Seinare blei Vattøya sete for kjøpsveinane til den skotske storkjøpmannen William Gordon i Kristiansund. Seinare tok folk av Høgh-ætta i Ålesund til å handle der.

  Borgarseta blir rekna opp i denne rekkefølga: Dragesund II, Borgarøya, Håkeshamn, Vattøya, Ytre Flø, Skeide og Ulsteinvik.

U L S T E I N

Dei mest varige borgarseta i Ulstein var Borgarøya og Håkeshamn. På 1500-talet var det også handel på Skeide, på 1600-talet i Dragesund og kanskje på Ytre Flø. På 1700-talet kom Ulsteinvik og Vattøya opp som borgarsete, som begge var i drift til ut på 1800-talet, Ulsteinvik lengst. Elles har eg ikkje registrert andre borgarsete i dette soknet.

Sjå nærare om dei einskilde borgareseta under her:

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s