Borgarseta i Vanylven, Syvde og Rovde

I Vanylven sokn har det vore tre borgarsete, i Syvde berre eitt, men i Rovde sokn heile 10. Mange av borgarseta i Rovde kom opp i lag med trelasthandelen på 1500-talet og forsvann då denne tok slutt kring 1640-50. Nokre av dei meste kjende borgarseta på Sunnmøre låg i dette området, Åheim i Vanylven og Larsnes i Rovde, begge kjende for brennevinsrettane sine, rettar som sto ved lag til eit stykke inn på 1900-talet. Segnene går enno om utskjenkinga til fru Ravn på Åheim og fru Rønneberg på Larsnes, for desse fruene var dei einaste i Sørluten som kunne selje brennevin i forbodstida (1916-27). Dei hadde nemleg livsvarige privilegium.

  Den lågadelege Gudbrandsætta gjorde seg sterkt gjeldande i handelslivet i Rovde, likeeins ætta til lensmennene på Leikong, som kalla seg Leganger. Ætta Eegsund i Eiksund sto også sterkt i nokre ættledd på 1700-talet. På Neset ved Saude i Rovde handla borgaren Lars Nilssen i første halvdelen av 1600-talet, så lenge at neset fekk namn etter han: Larsnes. Under namnet Fros handla etterslekta hans der ut hundreåret. Sonesonen Ove Christensen Fros er avbilda i lag med kone og eitt barn på ei minnetavle (epitafium) som enno heng i Rovde kirke. Dei mest kjende borgarættene frå yngre tider i området er Schreuder, Ravn og Rønneberg.

  Borgarseta bli rekna opp i denne rekkefølga: Kriken, Åheim, Flugevågen (Vanylven), Koparneset (Syvde), Larsnes I-II, Saudeholmen, Sundnes, Måløya, Leikong, Eika, Havåg, Sunde I og Eiksund  (Rovde sokn).   

 V A N Y L V E N

Vi kjenner berre tre borgarsete i Vanylven sokn, nemleg Kriken, Åheim og Flugevågen. Av desse var berre Åheim verksamt på 1700- og 1800-talet.

S Y V D E

I dette soknet kjenner vi til berre eitt borgarsete, Koparneset, og det var berre verksamt i kort tid og høyrde slett ikkje til mellom dei store borgarseta. Folk i Syvde handla vel helst på Larsnes og Haugsholmen. Frå 1830-åra budde Gunder Jetmundsen Weibust, tidlegare kremmar på Brunholmen og i Kjeldsund, på Takset ved Eidså. Det er ikkje utenkeleg at han kan ha drive ein liten handel der. Frå denne garden kom elles gjestgivar Iversen på Gangstødløkka i Sande.

R O V D E

I Rovde sokn har minst 9 borgarsete funnest gjennom tidene, men få av dei fekk nemnande lang soge. Unntaka er Leikong, Eiksund og, særleg, Larsnes. På Larsnes var det elles fleire borgarar i verksemd samtidig på 1600-talet, noke som kanskje sto i samband med at staden var trelasthamn.

Sjå nærare om dei ulike borgarseta under:

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s