Dragesund I

Det sat borgarar på begge sider av Dragesundet, både på Ulstein- og Herøysida. Her held vi oss til dei siste, dvs den eine som vi veit heilt visst budde på Herøysida.

  Han heitte DIDRIK ANDERSSEN GROT og tok borgarskap i Bergen i 1609. Han er nemnd her første gongen i 1612-13, då ein volding laut bøte med livet og 30 daler attpå for å ha stole tre salta kuhuder frå Didrik. Didrik må ha vore bror til Mikkel Anderssen Grot på Borgarøya og son av Anne Hansdatter Grot på Flåvær.

  Didrik Grot budde i Dragesund enno i 1635-36, men seinast i 1645 var han daud. Sonen, David Didriksen Grot, var utdanna gullsmed og tok borgarskap i Bergen i 1642. Han budde nok ikkje her. Ein soneson var truleg Didrik Anderssen, 18 år gammal i 1666, som tente borgaren på Borgarøya, Mikkel Anderssen Grot sin ettermann. Etter Didrik Grot si tid var det ikkje borgarhandel her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s