Dragesund II

Eg viser til det som er skrive om Dragesund under Herøy. I 1603-04 skatta HANS i Dragesund av ei flaumsag i lag med sageigaren og trelasthandlaren Carsten Jonson Randall på Fyrde i Volda. Denne Hans var helst borgar. Seinare høyrer vi ikkje meir om han.

  Sonen hans kan ha vore SVERKE HANSSEN, med borgarskap i Bergen frå 1604, som er nemnd i Dragesund 1618-21. Han åtte skipet Jonas på 24 lester. I 1619-20 var han på to utanlandsferder med skipet. På eine ferda førte han ut sagbord, ved, tjøre, tørrfisk, salte huder, bukkeskinn, kalvskinn og talg. Andre gongen førte han ut berre sagbord (150 tylvter) og ved (6 famner). Truleg budde Sverke i Dragesund allereie frå 1604, mest truleg på Ulsteinsida av sundet. I 1610-åra er husmannen Jacob Munck nemnd i Dragesund. Dette kan også ha vore ein borgar, men eg har ikkje funne han nemnd i denne eigenskap på Sunnmøre, heller ikkje i borgarboka for Bergen.

  I 1629 finn vi borgaren HANS HALVARDSEN i Dragesund, tvillaust på Ulsteinsida. Han var lik sunnmøringen av same namn som tok borgarskap i 1623. Hans Halvardsen budde i Dragesund også i 1633. Seinare er han ikkje nemnd, heller ikkje andre borgarar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s