Eiksund

I tida 1648-87 var Eiksund avlsgard for dei to borgarane Jens Gundersen og Anders Rasmussen i Kjeldsund, som kanskje også budde på garden.

  Kring 1670 kan borgaren  ANDERS RASMUSSEN ha slutta med handelen i Kjeldsund, og det er  tenkeleg at han frå den tid handla i Eiksund, der han budde seinast i 1666. Anders kan å ha døydd før 1683, om det då ikkje var han som budde på Rønnestad i Volda frå kring 1680 (sjå der).

  I 1687 kjøpte PEDER NILSSEN EEGSUND, borgarson frå Hareid I, garden. Han dreiv utan tvil handel, men korkje i 1714 eller 1724 er staden rekna som kremmarsete. 1714-26 var Peder Nilssen lensmann i Rovde skipreide. Frå 1725 åtte han Rovde kirke, som han kjøpte for snautt 34 rd. Skifte 1741: Aktiva vel 719 rd (av dette nær 365 rd i uteståande krav), passiva snautt 19 rd. Buet eigde Rovde kirke, då taksert til 60 rd, og eit jordegods sett til 187 rd. (På skiftet etter kona, Katarina Frantzdatter Stokberg, i 1724 blei aktiva sette til nær 1607 rd, passiva til vel 371 rd; av dette 330 rd som sonen Peder kravde i heimanfølge.)

  Sonen FRANTZ PEDERSEN EEGSUND var lensmann etter faren 1726-30 og 1735-52. Han heldt fram med handelen, som etterkvart gikk over til rein gjestgivarverksemd. Frantz Pedersen svarte korkje handels- eller gjestgivarskatt. I 1749 heitte det om staden at det er vel et giestgiverstæd der er ganske nødvendig for de rejsende, men det samme medfører meere møje end handel for den der er boesiddende, og det kunne såleis ikkje settast for ei årleg avgift. På skiftet etter den velfornemme Seigneur Frantz Pedersen Eegsund i 1752 var aktiva nær 1584 rd (1609 etter auksjon) og passiva vel 120 rd. Buet eigde m.a ei jekt til 40 rd, Rovde kirke og eit jordegods på 32,5 mællag, av dette 16 mællag i Eiksund.

  Johan Frantzen Eegsund, son til den føregåande, var lensmann i Rovde 1761-75, men ser ikkje ut til å ha drive handel. Seinare ikkje borgarnæring i Eiksund.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s