Flåvær

Dette var helst eitt av dei først etablerte borgarseta på Sunnmøre og ikkje utruleg var ein Hans Grot første borgaren her. I alle fall budde dattera hans her, og sønene hennar tok ættnamnet Grot. Ho var gift med ein borgar ANDERS som budde her til han døydde noke før 1606-07. Kanskje var han lik den Anders Mikkelsen, ein skreddar, som tok borgarskap i Bergen i 1591; Anders på Flåvær hadde i alle fall ein son Mikkel Anderssen Grot på Borgarøya, som kanskje også var skreddar, i alle fall var sonen hans, Povel Mikkelsen Grot, dét.

  Enka ekta så PEDER ANDERSSEN SKAANING, som tok borgarskap i Bergen i 1607 og kom fra Skåne. I 1606-07 betalte han 1 daler i  frelse, grunnleige, av Flåvær til krona. Same året måtte han bøte for å ha handla på Sunnmøre i ulovlege tider. Han svarte grunnleige til og med 1609-10. Men då hadde han allereie vore vekke eit års tid.

 

 

  I 1610-11 svarte så Anne Grot grunnleige. Ho heitte ANNE HANSDATTER GROT og var kona til Peder Skaaning, som hadde forlate ho og barna i 1608. I 1615 hadde han vore vekke i sju års tid, og 12. juli dette året blei Anne Grot skild frå han. Ho sat her til 1634-35.

  Året etter, i 1635-36, tok ANDERS GROT, som må ha vore sonen deira, over. Han døydde i 1655 eller 1656. I første halvdelen av 1600-talet finn vi Grot-folk både i Dragesund og på Borgarøya. Folk av same namnet budde også på Folkestad i Volda. Eg har ikkje kunna slå fast om Anders Grot var borgar.

  Etter han kom LARS EILERTSEN til Flåvær. Han budde her i 1660-70 åra. I 1666 heiter det at han var borgar, men eg har ikkje funne han innført i Bergens borgarbok. Same året er han elles oppført som brukar av ein del av garden Igesund. Alderen hans er då oppgitt til 46 år. Lars var mest truleg gift med enka etter Anders Grot.

  Ho heitte Anna Heidensdorf og budde som enke her i 1681. Sonen, REINHOLDT ANDERSSEN, prøvde dette året å løyse ut eigedomen frå ervingane etter ein kjøpmann i Bergen, men det er uvisst om han lukkast.

  Ein HANS RASMUSSEN budde på Flåvær seinare i 1680-åra. Han døydde i 1686.

  Enka hans ekta då HANS HANSSEN SAHL, presteson frå Herøy, som i 1694 selde hus og grunn til ein borgar i Borgund.

  Kjøparen var HANS ERIKSEN WINGAARD på Laberget IV, som kan ha hatt ein kjøpsvein her.

  Versonen til Wingaard, POVEL CLAUSSEN (Svertz), kremmarson frå Slinningen, tok over i året 1700 og busette seg her. Verbroren til Povel, Hans Hanssen Wingaard på Laberget III, sto som eigar av Flåvær enno i 1715, men budde ikkje på staden.

  Det gjorde derimot den tidlegare tollaren i Ålesund, Ole Pedersen Nibe, som noke seinare flytta til Vattøya. Nibe dreiv nok ikkje handel på Flåvær. Povel Claussen budde her i 1717 og kanskje enno i 1727.

  I 1718 var klokkaren i Herøy,  WILLUM MENTZEN SCHIELDERUP, presteson frå Løten, blitt eigar og brukar av Flåvær. Schielderup dreiv handel, men ikkje i større omfang. Enka heldt fram med handelen, men då på Gjertholmen. Schielderup selde Flåvær til verbroren Michael Falch i 1724, og han selde staden vidare i 1733 til Ole Pedersen Nibe på Vattøya, som selde vidare til Anne Lucia Assens på Grimmergård i Ålesund, enka etter Hans Hanssen Wingaard.

  I 1730-åra kan OTTE JONSEN, bondeson frå Sundal i Austefjorden (mest truleg ætling av Carsten Jonson Randall til Fyrde i Volda, sjå der) og verson til Anne Lucia Assens, ha handla her.

  I 1742 blei handelen på Flåvær overtatt av ANDERS TORBJØRNSEN, bondeson frå Bjørkedalen i Volda, som handla til 1747; handelsskatt 1744-47. Anders var gift med enka etter føremannen, Marte Hansdatter Wingaard. Dei flytta seinare til Nøre Bjørkedal.

  Dattera hennar ekta i 1749 RASMUS LARSSEN SPERRE, bondeson frå Sperre i Borgund, som svarte handelsskatt 1748-57 og 1760-64. I 1749 heitte det om handelen på Flåvær at han var af den beleilighed at der kand holdes lidt øl og brendevin for de rejsende, og der af kand svares aarlig 4 rd. Same året fekk Rasmus Larssen skøyte frå Anne Lucia Assens på Flåvær. I 1766 selde Rasmus staden til borgaren Jochum Fredrik Gierchen på Hella i Ålesund for 700 rd.

  I 1768 fekk WILLIAM GORDON, ein skotskfødd kjøpmann i Kristiansund, skøyte av Gierchen på Flåvær for 750 rd, og 1769-71 svarte han handelsskatt av kjøpsveinen LARS LOBES GRUBBE (som seinare budde på Torvneset).

  CHRISTOPHER RØNNEBERG på Kriksholmen fekk hand om Flåvær i 1774 og handla 1776-90 ved kjøpsveinar. I den første tida kan SØREN SEEHUS, før borgar i Kjeldsund, ha vore kjøpsvein for Rønneberg. 1787-90 sto så sonen hans, ELIAS RØNNEBERG, seinare kremmar på Valderhaug (Laberget III), for handelen. I 1785 heitte det om Flåvær:

 

Dette er et gammelt handels eller gjestgiver stæd (skiønt han paa giestgiveriet endnu ej har erholdt sin bevilling). Stædet er og belejlig for handel saavel af fogderiet som Nordlandene der ofte maa søge denne havn i uvejr og ved den lejlighed kan behøve det fornødne. Altsaa synes stædet fornødent til handelsstæd fremdeles, naar ejeren holdte det fornødne til hvad de sejlende behøvede.

 

  Frå 1790 låg handelen nede like til 1843, då kremmarsonen GERHARD WIIG frå Moltu tok til å svare handelsskatt. Han levde til 1872, og må reknast som den siste «borgaren» på staden.

  Sonen Gustav Wiig tok over handelen etter faren og dreiv til 1916, då han flytta til Volda.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s