Flugevågen

Også kalla Hamna. Den første kremmaren vi kjenner her er Nils Flouog, borgar av Bergen, som er nemnd i 1633. Kanskje var han lik borgaren Nils Lauritzen som er nemnd i Sørluten ved fleire høve først i 1630-åra, men det er meir truleg at han var lik NILS SVENDSEN, som brukte garden 1636-53. Ein Nils Svendsen med unemnd fødestad tok borgarskap i Bergen i 1610, ein annan av same namnet i 1621 med fødestad Romsdal. Andre borgarar av dette namnet finn vi ikkje, og det er mest rimeleg at den sistnemnde var lik borgaren i Flugevågen.

  I 1654 tok ENDRE SVENDSEN, helst bondeson frå garden, borgarskap i Bergen og heldt fram med handelen.

  Endre levde i alle fall til 1684, men det er lite truleg at han handla etter at SEVALD NILSSEN kom til gards sist i 1650-åra. Han var fødd i Nordfjord og tok borgarskap i Bergen i 1636. Han er nemnd første gongen i 1659. Borgarsetet blei då kalla Haffnen. Av manntalla 1664-66 ser vi at dette borgarsetet låg under Flugevågen. I 1666 heitte det: Sevald Nilsen, bruger et lidet kremersedde, saar intet. Er 60 aar, gift. Sevald er sist nemnd i 1667. Han åtte ein part i Flugevågen som i 1670 kom i eiga til Mads Frantzen Kiølholdt i Støylehamn, som åtte noke av garden frå før.

  ZAKARIAS MIKKELSEN frå Flugevågen, Flovaag, opphavleg bondeson frå Berget i Volda med borgarskap i Bergen frå 1670, handla her så til han døydde i 1672. Ingen borgarhandel seinare. 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s