Flusund

Borgarsetet her er også kalla Straumen og Torget. Sundet mellom Bergsøya og Leinøya heiter no Flusundet, men i mellomalderen og seinare heitte det Nerøysund, som også var skipreidenamn. Seinare heitte skipreidet Nerøy, etter garden Nerøy på austsida av sundet. Nabogarden på vestsida, på Bergsøya, heitte Flusund frå 1600-talet og utetter. Det eldre namnet på garden, som på sundet, kan ha vore Nerøysund.

  I fall dette er rett, kan vi plassere borgaren JENS JACOBSEN GARBOE her tidleg på 1600-talet. Han er første gongen nemnd i 1606-07 og vi høyrer om han enno i 1638-39. I 1633 heiter det at han budde i Neersund, som må vere det same som Nerøysund. Jens Jacobsen hadde truleg borgarskap i Bergen frå 1596.

  Han ser ut til å vere etterfølgd av Gjest eller JESSE NILSSEN, ein bergensar med borgarskap frå 1621, som brukte Reite, nabogarden til Flusund, 1630-45. Han kan før ha budd på Herøy. I 1636-37 er han omtala som buande på Garboe. Dette kan ha vore namnet på borgarsetet (eller ættnamnet til Jens Jacobsen). Jesse Nilssen døydde seinast i 1649.

  Den neste borgaren i Flusund, som utan tvil budde på garden, var ROBERT ANDERSSEN. Han var fødd på Orknøyane og tok borgarskap i Bergen i 1659. Robert var lensmann i Nerøy skipreide seinast frå 1669 til han døydde i 1710. På skiftet etter han i 1711 blei aktiva sette til 218 rd, skulda til nær 117 rd; det var eit velstandsbu, men ikkje rikt. Robert var av ei ætt Binston, men brukte ikkje namnet sjølv.

  Handelen låg så nede i vel 60 år, heilt til CHRISTOPHER RØNNEBERG på Kriksholmen tok til å handle i Straumen kring 1775. Rønneberg betalte handelsskatt 1776-90. Kjøpsveinen hans her var stesonen WILLUM ELIASSEN SCHIELDERUP, kremmarson frå Kriksholmen. I 1785 heitte det om staden, då kalla Torvet:

 

Ejeren har for nogle aar [siden] etableret dette stæd, hvor føres handel hele aaret. Som fiskevær er det nødvendigt, da ejeren boer over en miil ind i landet derfra, og det saavel til eget fiskebrug, som og til de mange fiskere af andre sogne, som her søge huus paa dette for fiskeriet belejlige stæd, men den aarlige handel synes ej nødvendig, men til præjudice til de nærmest boende landkræmmere.

 

Etter 1790 ser handelen ut til å ha lege nede til 1820, då RASMUS RØNNEBERG på Larsnes skal ha tatt til å handle her.

  Sonen CHRISTOPHER MATHIAS RØNNEBERG handla i alle fall 1831-33.

  Frå 1834 dreiv så JOHAN FREDRIK RØNNEBERG, ein yngre bror av Christopher, handelen til 1839, då han døydde. I dei følgande 20 åra ser det ikkje ut til å ha vore drive handel i Straumen.

  I 1859 leigde STEFFEN ERIKSEN, ein kjøpmann i Ålesund, staden av Christopher Rønneberg. Han handla til 1880, men svarte ikkje handelsskatt som andre kremmarar, kanskje fordi han hadde borgarskap i Ålesund.

  Bjørn Siem handla her seinare, først som kjøpsvein for Carl E Rønneberg & Sønner i Ålesund, seinare som sjølvstendig handelsmann.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s