Gjertholmen

På Leinøysida i sørenden av Flusundet ligg Gjertneset og Gjertholmen, som begge må ha fått namn etter borgaren GJERT LUCASSEN HOLTHUS, ein bergensar av hollandsk ætt (Holthuys). Gjert Holthus tok borgarskap i Bergen i 1663. Vi veit ikkje kva tid han kom til Herøy, men i 1674 var han der i alle fall. I 1675 skatta han av seg sjølv og kona Grete (= Margrete) Clausdatter, 4 drengar og 2 tauser. Gjert Holthus døydde seinast i 1679. Sonen Reinert ervde vel 208 rd etter faren og dersom han var einebarn og mora levde kan nettoen i buet til Gjert Holthus ha vore 417 rd. Det er uvisst om enka heldt fram med handelen.

  JENS RASMUSSEN LUND, borgar i Kjeldsund og formyndar for Reinert Gjertsen, sonen til Gjert Holthus, heldt ein kjøpsvein på Gjertholmen i det minste 1689-91.

  Seinast i 1699 var så REINERT GJERTSEN HOLTHUS i verksemd her (må ikkje forvekslast med Reinholdt Anderssen (Grot) på Eggesbø).  I 1711 heitte det at han var fattig og ikkje brukte handel. I 1714 var derimot Gjertholmen rekna som eit stort borgarsete: då skulle det svarast heile 14 rd årleg av Gjertholmen i staden for konsumpsjon, familie- og folkeskatt.

  I 1718 selde Reinert Gjertsen Holthus staden til JØRGEN HOLST, borgar av Bergen frå 1701 og før kremmar på Herøy.

  Enka etter Holst ekta i 1724 OVE CHRISTOPHERSEN NAGEL, presteson frå Herøy, som budde og handla på Gjertholmen frå kring 1722 til kring 1730, då han flytta til borgarsetet Herøy.

  1751-74 svarte SERINE HELENA FLOBERG handelsskatt i Nerøy skipreide ein stad. Ho var parykkmarardatter fra Trondheim og enke etter klokkaren og kremmaren Willum Schielderup på Flåvær, og flytta til Gjertholmen etter at han døydde. Ho døydde sjølv i 1778. På skiftet i 1779 blei aktiva sette til 554 rd, skulda til 221 rd. Etter denne tid var det ikkje handel her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s