Håkeshamn

Håkeshamn (eldre: Haacheshafn, Haagenshavn) ligg på Håkonsholmen like nord om Store Hatløya. Også kalla Gullsmedholmen og Skrivarholmen. Den første borgaren som budde her kan vere Jens Johannessen, som i 1636-37 kom til Bergen med jekta si frå Oxnehaffn på Sunnmøre; lasta var 3 lester sei. Mest truleg dreidde det seg om borgaren JENS JENSSEN på Jensholmen i Herøy (far til Hans Jenssen Glad nedanfor), som kan ha hatt eit kjøpsveinsete på holmen.

Neste borgar her var LAURITZ NILSSEN, en Bergen borger … vonhafftig vdj Haachenshaffn ved Hattløen her paa Sundmør, som i 1649 blei stemnd av ulsteinpresten Rasmus Povelsen Brandal for ulovleg gjeldsinndriving. Lauritz Nilssen kan ha vore lik mannen av same namnet frå Ålborg som tok borgarskap i Bergen i 1639. Han er berre funnen nemnd i 1649.

I 1653 tok sonen til den ovannemnde presten Rasmus Povelsen Brandal, ANDERS RASMUSSEN BRANDAL, borgarskap i Bergen. Han budde seinast i 1655 i Håkeshamn. I 1663 er han kalla Hattleøen, men det var nok her på holmen kloss inn til Hatløya han budde. Han er ikkje nemnd seinare.

Verbroren, HANS JENSSEN GLAD, borgarson frå Jensholmen i Herøy, tok over handelen etter Anders. Hans Jenssen tok borgarskap i Bergen i 1667 etter å handla nokre år i Drevika i Borgund. I 1675 budde han på Indre Brandal, men heldt fram med handelen her til kring 1690.

CLAUS JACOBSEN REIMERS, borgarson frå Kjeldsund, tok over handelen seinast i 1695. Han løyste borgarskap i Bergen i 1698. Portrettet av han hang innramma i ei diger tavle i våpenhuset i Herøy kirke, men den tilhøyrande tekstplata var festa til epitafiet over presten Mechior Mikkelsen Falch inne i skipet. Namnet er der skrive Clas Jacob Remersen. Innskrifta på plata gjorde ære på Claus for å ha kosta Vor Kirchis Sølf og Guld, Stafering og avmalning og vidare: Ja alle og en Hver, som i vor Kirche gaar. Hans nafn berømme maa, Hans nafn velsigned staar. Av teksten går det fram at stefaren og mora, Jens Rasmusen. Trine Niels Datter Kielsun, også hadde vore med på å koste kirkeutstyret, truleg på den avlidne Claus Jacobsen sine vegner. Tekstplata er datert ANNO 1703.

Claus

MADS CLAUSSEN SVERTZ (ættnamnet er tillagt han), kremmarson frå Slinningen, må ha kjøpt Håkeshamn av Claus Reimers sine ervingar. Sjølv budde han på Øyra i Volda som kremmar medan broren JENS CLAUSSEN SVERTZ var kjøpsvein her, i det minste i 1704. Han budde seinare på Giske og seinast 1737 i Ålesund, der han døydde på plassen Ura i 1753.

I 1705 selde enka etter Mads Claussen staden til JENS HANSSEN GLAD (oftast kalla Brandal), son til den ovannemnde Hans Jenssen Glad. I 1706 heitte det at Jens Hanssen var i Bergen for å ta borgarskap, men dette ser det ikkje ut til å ha blitt noke av. Jens Hanssen døydde i 1710 og etterlet seg eit etter måten rikt bu. Aktiva blei sette til vql 1132 rd (største postane var reie pengar for 150 rd, sølvsaker for 68 rd, kjøpmannsvarer for nær 301 rd og uteståande krav på 226 rd; buet åtte elles halvdelen av ei jekt verdsett til 35 rd), passiva til 184 rd.

Enka Anne Christensdt Fros ekta så JENS HOLST, borgarson frå Rafteneset i Herøy, som handla her 1711-19. Han døydde i 1719, temmeleg velståande, for eiga i buet hans var minst 500 rd.

Den førekteskaplege sonen til Anne Christensdatter Fros (ho blei gift på ny med Frantz Eegsund i Eiksund), CHRISTEN TØNNESEN RODT, tok over i 1722. Far hans var bonde på Gurskøya. Rodt dreiv til 1737, truleg med lite hell, då han selde og flytta til Tjørvågen i Herøy.

Kjøparen var STØRKER HANSSEN HAAKESHAFN, bondeson frå Ytre Dimna (broren handla i Kjeldsund). Størker Hanssen døydde i 1745, temmeleg velståande. Aktiva blei sette til vel 1451 rd (m.a kremmarsetet til 190 rd og ei jekt på 24 lester til 310 rd), passiva til vel 650 rd.

I 1746 kjøpte Nicolai Ulrichs i Fyllingen i Borgund eigedomen. I 1748 selde han Håkeshamn til NILS JACOBSEN HAAKESHAFN, bondeson frå Myklebust i Borgund. Nils svarte handelsskatt 1746-54. I 1749 blei Håkeshamn rekna som eit kræmmersæde som kunne skatte 8 rd årleg.

I 1755 selde Nils Jacobsen kremmarsetet til JAN DISCHINGTUN BERLE, kjøpmannsson frå Bergen, og flytta sjølv til Vattøya. Berle var utdanna som gullsmed hos meistrane Jørgen Wiers og Jens Kahrs i Bergen, og blei utskriven som svein i 1742. Dette er grunnen til at Håkonsholmen også blir kalla Gullsmedholmen. Berle svarte handelsskatt 1756-85 og gikk konkurs i 1785. Han flytta så til Bergen, der han døydde i 1809. I 1785 heitte det om Haacheshavn:

Har i gammel tid været og fremdeles stædse siden forbliven et handelsstæd, hvor nuværende ejer driver handel. Stædet ansees fornøden nu og fremdeeles.

I 1786 kjøpte CLAUS RØDSET, kremmarson frå Borgarøya, staden på auksjon for 760 rd. Han svarte handelsskatt 1786-1806 og flytta i 1807 tilbake til Borgarøya.

Ny kremmar her var OLE MELDAL HØGH, kremmarson frå Grimmergård I i Ålesund, som svarte handelsskatt 1807-09. Han gikk fallitt i 1809.

Same året fekk Hans Anton Staboe, sorenskrivar i Sørluten av Sunnmøre, kjøpe staden, som etter han blei heitande Skrivarholmen. Staboe budde her til 1837. Året etter kjøpte John Fugleberg i Kjeldsund borgarsetet, men selde det like etter til sorenskrivar Rasmus Martinus Blackstad.

I 1839 selde Blackstad Håkeshamn til MARTINUS A BRYHN som visstnok tok til å handle her, men utan å betale handelsskatt.

Midt i 1850-åra var JOHAN BUGGE, kjøpmann i Bergen, eigar av staden. Han blei bøtlagd for ulovleg handel i 1854.

I 1862 kjøpte Ole Bretanus Svendsen, kremmarson frå Borgarøya, Håkeshamn av Fredrik Bugge, som var kjøpmann i Bergen og son til ovannemnde Johan Bugge. Svendsen dreiv handel, men utan å svare handelsskatt. Han skal også ha drive som fargar, og gikk derfor under namnet Fargar-Ole. Han døydde i 1892.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s