Havåg

I 1603 var Gudbrand Sjurson i Havåg den største private jordeigaren på Sunnmøre, med ei jordeige på kring 64 mællag (16 våger fisk); han skatta av 59 mællag. Han åtte heile Eiksundbygda utanom  Årsneset på 5 mællag og 2 mællag i Eiksund som var i eiga til Volda kirke. Gardane Selvåg, Havåg, Eika, Sunde og Eiksundøydegarden åtte han steint og reint, samt 18 av 20 mællag i Eiksund.

  Gudbrand var av lågadel, men av ein lågadel som i stor grad livberga seg ved kjøpmannskap, som han sjølv også kan ha gjort. Trass i at han var godseigar kunne han snautt leve standsmessig berre av jordleigeinntektene, og sidan han levde i den mest hektiske delen av trelasttida på Sunnmøre og samtidig åtte mykje, og kanskje også verdifull skog er det rimeleg at han dreiv trelasthandel.

  Borgaren ROLF JOHANSEN, som tok borgarskap i Bergen 1588, budde her i det minste det første tiåret av 1600-talet. Han levde kanskje enno i 1613, då ein Rolf på Raudøya i Ørsta svarte skatt av 5 mællag odelsgods (sjå der). Det kan tenkast at Rolf var far til Johan Bager på Sunde.

  I 1620-33 brukte ERIK MALLER, før på Eika, ein del av garden. Han var verson til Gudbrand i Havåg, største bondegodseigaren på Sunnmøre. Etternamnet kan tyde på at Erik var borgar, og eg gjettar at han dreiv handel. Seinare ingen kremmarar her.

 

Den som vil lese meir om Gudbrandsætta kan gå til Årbok for Sunnmøre 2009, der eg har skrive om den mektige Gudbrand Berdorson i Vik og ætta hans: http://www.sunnmore-historielag.no/?p=1151

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s