Herøy

Staden er også kalla Herøyberget. I mellomalderen låg både kirke, prestegard og gildestove på den vesle gråsteinøya Herøy som ga namn til både kirkesokn og prestegjeld, seinare også kommunen. Etter segna skal det også ha stått eit kloster her, på Klosterhaugen. Berre som kirkestad heldt Herøy stillinga i nytida. Men då blei Herøy også handelsstad. Alt i 1529 høyrer vi om ein verdsleg mann, Lodvick i Herøy, som kan ha handla her.

Tidleg på 1600-talet, fram til 1615, budde HANS CLAUSSEN DANELL på Herøy. Dette kan også ha vore ein kjøpmann, om vi skal døme etter namnet aleine, men utan tvil lik Hans Dannill i Herøø, nemnd 1610-11, då han fekk barn med tenestejenta. Han er elles oppført mellom borgarane i sørluten av Sunnmøre i 1606-07. Han tok borgarskap i Bergen i 1601. Enka Anne budde frå 1615-16 i Stokksund.

Etter Herøyboka skal ein Lars ha budd her 1615-22, men eg har ikkje funne han nemnd som borgar, vidare ein Jesse 1622-40. Dette kan ha vore borgaren JESSE NILSSEN som frå sist i 1630-åra budde i Flusund.

I tida 1640-58 budde kipperen Peder Larssen på Herøy. Han dreiv snautt kjøpmannskap, men han var skysskaffar.

I 1675 budde borgaren ANDERS JACOBSEN DISCHINGTUN ein stad i Herøy, helst på Herøy, og 1683-84 heldt bror hans, bergenskjøpmannen JOB JACOBSEN DISCHINGTUN, ein kjøpsvein i Herøy ein stad, likeeins kanskje på Herøy.

Kjøpsveinen til Job Dischingtun var RASMUS PEDERSEN FOLCHMAR. Han handla seinare for  Dischingtun på Øyra i Volda og endte sine dagar som kremmar på Hareid I.

Den som kanskje avløyste Rasmus som kjøpsvein her var Jørgen Lange, ein skomakar som tok borgarskap i Bergen i 1686 og seinast i 1687 budde i Herøy. Han er enno nemnd i 1692.

Frå kring 1700 til 1718 var borgaren JØRGEN HOLST, borgarson frå Rafteneset, i verksemd her. Han tok borgarskap i Bergen i 1701. Då kona døydde, seinast i 1709, var eiga i buet minst 1000 rd; av dette fekk enkemannen halvdelen. I 1718 kjøpte Holst Gjertholmen og flytta kanskje dit.

Seinast i 1735 kom OVE CHRISTOPHERSEN NAGEL, før kremmar på Gjertholmen og Holst sin ettermann i ekteskapet, til Herøy. Han var lensmann i Nerøy skipreide kring 1735-45.

I 1744 overtok ein prokurator frå Kristiansund, Peder Hoff Carisius, Herøy. Han ser ikkje ut til å ha drive handel, og i 1749 blei heller ikkje staden rekna med mellom kremmarseta på Sunmøre.

I 1770 kjøpte så Hitaguten, SIVERT OLSEN, Herøy. Han hadde vore kjøpsvein på Tyskholmen i Borgund for kompaniet Eeg & Ord på Molde. Allereie i 1768 svarte han handelsskatt av Herøy, men ikkje i 1769; 1770-1811 betalte han i eininga. Han handla samtidig i Sandsmyra, no Sandshamn, og på Noteneset i Ålesund. I 1785 heitte det om Herøy:

Dette handelsstæd er baade beqvemt og fornødent nu og fremdeles, foruden at stædet er velbygget med kiøbmandshuuser, ligger det meget belejligt for sognets almue, og nuværende ejer fører en god og anseelig handel.

På skiftet etter kona til Sivert Olsen, Anne Olava Berg, i 1788 blei aktiva i buet sette tilvel 12.312 rd (svært mykje jordegods, kirkene i Herøy og Rovde med jordegods, likeeins partar i Volda kirke og Vanylven kirke), passiva til 1332 rd. Det var eit av dei rikaste skiftebua på Sunnmøre noka tid, men ikkje rikare enn det som blei gjort opp på Kriksholmen snautt to månadar seinare.

Etter at Sivert Olsen døydde i 1812 overtok sonen JACOB OLSEN Herøy og svarte handelsskatt 1812-32; han handla også i Sandshamn.

1833-46 sto så  PETER WILHELM LORANGE for handelen på staden. Han var fødd i Kragerø og blei seinare kjøpmann på Lillehammer. Lorange var ordførar i Herøy 1844-45.

I 1846 kjøpte føretaket BREDAHL & BRUNCHORST i Bergen borgarsetet av Lorange.

Handelsstyraren deira var KNUD OLAI SIMONSEN, skipperson frå Bergen, som kjøpte Herøy i 1854, men dreiv for eiga rekning frå 1848 til han døydde i 1855. Enka svarte handelsskatt i 1856.

Sonen HANS HENRIK SIMONSEN overtok i 1857 og handla like til 1917.

***********************************************************

Her er Herøy eller Herøyberget slik staden ser ut i dag. Bildet er henta fra heimesida til Herøy kystmuseum: http://www.heroykystmuseum.no/#cid=21

Herøyberget

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s