Jensholmen

Også kalla Stabelholmen. Staden ligg noke aust om Herøy mellom Petterholmen og Blankholmen. Første borgaren vi kjenner her, og som har gitt holmen namn, er JENS JACOBSEN, første gongen nemnd i 1606-07 i Sørluten, men utan oppgitt bustad. Han tok truleg borgarskap i Bergen i 1596. I 1620-21 budde han «i Holmen», men i 1633 i «Neersund», sjå vidare om han under Flusund.

  Ettermannen hans var JENS JENSSEN, truleg sonen. Han var utan tvil borgar av Bergen, men det er uvisst kva tid han tok borgarskap. Enten var han lik Jens Jenssen Warberg som tok borgarskap i 1630 eller Jens Jenssen frå Oslo som tok borgarskap i 1625. I 1633 er borgaren Jens Jenssen nemnd på Sunnmøre, og dette må vere mannen av same namnet som budde på Jensholmen i alle fall i 1645. Han kan elles ha vore lik Jens «Johannessen» som er nemnd i Håkeshamn i 1636-37.

  Seinare har eg ikkje funne han omtala før i 1667, då sonen Hans Jenssen Glad (etternamnet kom til seinare) tok borgarskap i Bergen. Hans hadde handla nokre år i Drevika i Borgund før han flytta til Brandal, kanskje også i Håkeshamn). Jens Jenssen er også nemnd i 1674, men var truleg daud då. Enka etter han levde enno i 1680. Ho eller mannen kan ha vore av ei ætt Glad sidan sonen brukte dette ættnamnet. Dei kan ha vore etterkomarar av Oluf Eriksen Glad, borgarmeister i Oslo. Ingen handel her seinare.

  Midt i 1760-åra budde Sivert Bastian Stabell her. Han var frå Trondheim og var meisterskreddar med borgarskap i Bergen frå 1757.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s