Kjeldsund

Den første borgaren vi kjenner i Kjeldsund er RASMUS SIMONSEN, lensmannsson frå Leikong, som tok borgarskap i Bergen 1620 og som kanskje budde her allereie frå den tid. Det er truleg at det sat borgarar her før med, men å peike dei ut er uråd. Kona til Rasmus var Anne Andersdatter, og ho kan ha vore enke etter eller datter av ein borgar her. Om det siste var tilfelle ligg det nært å tenke på den Anders Jetmundsen Jempt som er nemnd i Herøyområdet i 1606-07. Rasmus Simonsen levde enno i 1633, men ikkje lenge etter må han vere daud.

Kring 1636 var ettermannen hans, også i ekteskapet, JENS GUNDERSEN, etablert i Kjeldsund. Han var borgarson frå Hallehamna. Han tok borgarskap i Bergen i 1634 og handla kanskje først ei tid i Hallehamna, der handelen også seinare var på hans hender. Om forholda var store i Kjeldsund då Jens overtok, blei dei ikkje mindre i hans tid.  I 1657 var han god for minst 10.000 rd, som var ei veldig formue. Kanskje var Jens Gundersen mellom dei rikaste på heile Vestlandet då. I alle fall kjenner vi ikkje på fleire mannsaldrar ein så rik borgar på Sunnmøre. Jens åtte eit digert jordegods, over 100 våger fiskeskyld på det meste (vel 1/30 av all landskylda på Sunnmøre, svarte til vel 100 leiglendingar); han åtte elles fleire jekter og eit skip som gikk i utlandsfart, og fleire kjøpmannshus i Bergen. På garden Eiksund heldt han i 1657 ein buskap på 2 hestar, 2 oksar, 32 kyr, 30 geiter og 20 sauar, kring 48 kyrlag, tre-fire gangar meir enn vanlege bønder hadde. Han var også ein leiar i lokalsamfunnet. T.d gikk han kring 1650 i spissen for ein aksjon for å få avsett den drikkfeldige og brutale herøypresten Hans Jenssen Sahl. Jens Gundersen døydde kring 1666. Han må ha hatt høg gjeld, for stordelen av midlane hans kom straks på framande hender.

Stesonen til Jens, ANDERS RASMUSSEN, tok truleg over handelen då Jens døydde. Anders tok borgarskap i Bergen i 1654. Han budde seinast 1666 i Eiksund.

Den neste som handla i Kjeldsund var JACOB CLAUSSEN REIMERS, kanskje borgarson frå Fyllingen i Borgund. Han tok borgarskap i 1672, men døydde ikkje lenge etter. I 1675 budde enka etter han her.

Ho ekta så JENS RASMUSSEN LUND, kjøpmannsson frå Assens på Fyn, med borgarskap i Bergen frå 1673. Jens Rasmussen tok på mange vis opp arven etter Jens Gundersen: han la til seg ein del jordegods og dreiv storhandel med fleire farty og heldt seg i det heile tatt nær toppen av det sunnmørske borgararistokratiet både økonomisk og sosialt. Førstekona hans var av borgarætta som kalla seg Svertz, andrekona av ættene Fros og Hougsholm.

Eitt av epitafia i Herøy kirke var sett opp i 1700 og avbilda Trine Nilsdatter, begge ektemennene og det einaste barnet hennar, sonen Claus. Teksten lydde:

Sal: Jacob Clausøn Barnefød i Bergen Ao 1644

Trine Niels Datter Barnefød i Borgensund Ao 1645

Jens Rasmussøn Barnefød i Assens i Fyn Ao 1643

Claus Jacobsøn Remers Barnefød i Kielsund Ao 1672

  På skiftet etter den velfornemme, dydige matrone Trine Nilsdatter i 1707 blei aktiva i buet sette til 2524 rd (mykje gull, sølv og reie pengar, men også ei jekt på 14 lester til 112 rd og ei lita på 8 lester til 70 rd; elles kjøpmannsvarer for 360 rd, uteståande krav på 475 rd og jordegods sett til 409 rd), passiva til 286 rd. Det dreidde seg om rikfolk. Jens døydde sjølv i 1720, og på skiftet etter denn velagtbare og velfornemme nu sal: borger og handelsmand same året blei midlane sette til 2066 rd,  skulda til berre 189 rd.

Enka, Maren Olsdatter Hougsholm, ekta så RASMUS HANSSEN BRANDAL, kremmar på Ytre Brandal, som truleg dreiv handelen i Kjeldsund på vegner av Jens Lund sine ervingar.

I 1726 var det slutt med dette, for då fekk bergensaren JENS OLSEN RIIS skøyte på staden. Han hadde borgarskap i Bergen frå 1717 og hadde vore meisterbakar der i byen.

Riis var her berre til 1735, då han flytta tilbake til Bergen og selde til WILLUM BØRGESEN, ein skreddar og bergensar. Han døydde seinast i 1741.

I 1742 ekta enka OLE HANSSEN, bonde- og jekteeigarson frå Dimna i Ulstein, som svarte handelsskatt 1743-48. Han døydde fattig og fallitt i 1749: Aktiva 284 rd, passiva 456 rd. I 1749 blei Kjeldsund pussig nok ikkje rekna med mellom kremmar- og gjestgivarseta på Sunnmøre.

Enka gikk så inn i sitt tredje ekteskap, no med OLE ERIKSEN, bondeson frå Haddalsmyrane i Ulstein, som før hadde drive litt handel i Ulstein (handelsskatt der i 1744 og 1746). Ole svarte handelsskatt i Kjeldsund 1751-57. I 1759 blei det halde skifte etter kona, Mette Marie Normann, og buet var grundig fallitt: Aktiva nær 490 rd, passiva vel 846 rd. Ole Eriksen blei seinare bonde på Ytre Dimna i Ulstein

I 1761 fekk Kjeldsund ny eigar, SØREN SØRENSEN SEEHUS, kremmarson frå Nordfjord, som svarte handelsskatt 1763-64. Handelen låg så nede nokre år. Seehus flytta til Flåvær, der han var kjøpsvein for Christopher Rønneberg på Kriksholmen, og seinare til Rørøy på Hitra, der han heldt fram som kremmar.

Sist i 1760-åra kom INGEBORG OLSDATTER STRØM til Kjeldsund. Ho svarte handelsskatt 1771-74. Ho var enke etter skomakaren Ole Torkildsen Strøm på Vikeneset i Volda. Sonen deira handla på Måløya.

Ingeborg si datter Serine Olsdt Strøm ekta i 1774 PETER MØLLER BAGER av ukjent opphav. Bager svarte handelsskatt 1775-86, enka 1787-88. Bager omkom då jekta hans forliste 1787. I 1785 heitte det om Kjeldsund:

Eet gl: handelsstæd, beqvemt og fornøden baade nu og fremdeles, stædet er vel bebygget ved en strøm hvor igiennem farten for 3de skibreders almue sc: Rødve, Volden og Ørsten, falder, og der som oftest tager natteherberge samt forsynes med det nødvendige.

På skiftet etter Peter Bager i 1787 blei aktiva sette til 2445 rd, passiva til 2317 rd.

Enka hans ekta så HANS SCHULTZ LEGANGER, futeson frå Sogn, som svarte handelsskatt 1789-99. Frå 1794 var han lensmann i Nerøy skipreide; i 1801 flytta han til Flusund.

Kjeldsund blei i 1799 overtatt av Leganger sin kreditor, agent Hans Krohn i Bergen, som i 1802 selde til CLAUS JACOB LEGANGER, lensmannsson frå Leikong. Denne Leganger, som ikkje var i slekt med den førre, var gift med brordattera til Serine Strøm, som også heitte Serine (frå Måløya). Claus Leganger svarte handelsskatt 1803-08. Han omkom på sjøen i 1810.

Same året fekk INGEBRIGT GRIMSTAD, bondeson frå Hareid, skøyte på staden. I 1811 fekk han kongeleg kremmarløyve, og 1812- svarte han handelsskatt. Kona hans var av Wingaardætta på Grimmergård i Ålesund. Grimstad døydde i 1820.

1823-26 svarte ELIAS GERHARD SCHØNING BØDTKER, ein bergensar, handelsskatt. Allereie i 1825 selde han til Weibust (sjå nedanfor), men også i 1830 betalte han handelsskatt i Kjeldsund.

Den nye eigaren frå 1825 var GUNDER WEIBUST, tidlegare kremmar på Brunholmen i Ålesund. Han svarte handelsskatt berre i 1831. Han flytta så til Takset i Syvde.

I 1832 selde han Kjeldsund til JOHN FUGLEBERG, truleg bondeson frå Kvinnherad, som svarte handelsskatt 1833-56. Fugleberg reiste til Amerika i 1858.

I 1856 kjøpte ELLERT MARTINUS SCHIELDERUP, kremmarson frå Ulsteinvik, Kjeldsund av sonen til John Fugleberg. Schielderup svarte handelsskatt 1857-61. Budde seinare som kjøpmann i Bergen.

I 1861 selde han til bergensaren GEORG FREDRIK HANSSEN, som dreiv handelen til 1869, då han laut gi opp. Ny eigar var kremmarsonen Enok Svendsen frå Ørstavik, som handla her til sonen Erik overtok i 1898. Erik Svendsen var her til 1940. Både Erik og faren Enok dreiv også handel i Fosnavåg og på Flåvær.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s