Kriken

I 1665 tok Peder Hanssen frå Kriken på Sunnmøre borgarskap i Bergen. Vi veit ikkje om han budde og handla her, men ingen borgar av dette namnet er funnen nemnd på Sunnmøre i siste tredjedelen av 1600-talet. I 1683 budde elles fem mann av dette namnet i Bergen.

  LARS PEDERSEN, kanskje ein son av Peder Hanssen, handla her kring 1690 og truleg også ei tid utetter, men då han døydde i 1707 var han berre gardbrukar. Han hadde ikkje borgarskap i Bergen. I 1691 blei han stemnd av lensmannen for å ha handla i strid med privilega og lova med tobach at vdprange. Han fekk då ei bot på 40 lodd sølv (20 rd). Etter hans tid dreiv ingen handel her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s