Kriksholmen

Også kalla Kristofferholmen, etter Christopher Rønneberg. I siste tredjedelen av 1600-talet (1666-98 etter Herøyboka) budde ein Jesper på denne litje holmen mellom Gurskøya og Dimna. Namnet kunne tyde på at det dreidde seg om ein borgar. No finn vi verkeleg ein borgar med dette namnet på Sunnmøre i denne tidbolken, ein som ikkje før har latt seg lokalisere geografisk, nemleg JESPER LARSSEN, som er nemnd i ei skatterestanseliste frå 1674. Å gjette at det var han som budde på Kriksholmen er truleg ikkje for dristig. Etter 1674 er han ikkje nemnd mellom aktive borgarar. Det har ikkje vore råd å finne ut kva tid han tok borgarskap.

Etter Jesper si tid låg holmen øyde til 1753, då ELIAS SCHIELDERUP, kremmar- og klokkarson frå Flåvær, slo seg ned her. Han svarte handelsskatt i 1753 og 1757-61, enka i 1762.

Same året ekta ho CHRISTOPHER TJÆRANDSEN RØNNEBERG, ein bondeson frå Jæren som før hadde tent Frantz Rødset på Borgarøya og William Gordon i Kristiansund. Rønneberg svarte handelsskatt 1763-1817; han døydde i 1824. Han handla også på Flåvær og i Flusund. I 1785 heitte det om Kriksholmen:

Eet gl: handelsstæd vel bebygget med huuse og ej ubeqvem til handel, dog saalænge ovenbemeldte stæd  Kielsund, som ligger indenfor ½ miil derfra, og hvor almuen først antreffer, holdes i fuldkommen stand med alle fornødne vahre, kunde dette stæd, hvis ejer fører en meget betydelig handel og desforuden 2de andre handelsstæder ey være saa aldeeles fornøden.

Rønneberg var mest truleg den rikaste borgaren på Sunnmøre i si tid, og det er vel tvilsamt om det før eller seinare var noken borgar som kunne måle seg med han i rikdom. I tilfelle måtte det vere Jens Gundersen i Kjeldsund på 1600-talet og Christopher Abelset på Apalset tidlegare på 1700-talet. Då kona til Rønneberg døydde i 1788 blei aktiva i buet sette til 26.722 rd, passiva til 3405 rd. Eiga var altså godt over 23.000 rd. Til jamføring: Då det same året blei halde skifte etter førstekona til den rike Sivert Olsen på Herøy, viste buet eit overskot på «berre» 10.866 rd, under halvdelen av buet på Kriksholmen!

Den store rikdomen som Rønneberg samla skapte grunnlag for tre handelsdynasti på Sunnmøre: på Larsnes i Rovde, i Korsen i Ålesund og på Laberget på Valderhaug, der dei tre sønene hans busette seg. Han kan ikkje ha vore heilt nøgd med framtøket deira, for denne regla blir hermd etter han som karakteristikkar av Elias på Valderhaug, Rasmus på Larsnes og Carl Esaias i Ålesund: Han Hekjen nordaføre, han Nakjen søraføre, og han Fante-Carl i Korsa.

Dottersonen til Rønneberg, Christian Fredrik Wasmuth, ervde husa på Kriksholmen og sette dei opp att i Einarvika i Ålesund, der han var kjøpmann, eit praktisk uttrykk for den sentraliseringa av handelen som fann stad på Sunnmøre då Ålesund vaks frå strandstad til kjøpstad frå 1820-åra og utetter. Det var elles ikkje berre borgarhusa på Kriksholmen som blei sette opp som kjøpmannshus i byen. Det skjedde også med husa på Giskegard, Gamlem, Tyskholmen og fleire andre borgarsete. Etter Rønneberg si tid blei det ikkje brukt handel på Kriksholmen, men tradisjonane levde vidare, og enno finst, i alle fall i namnet, Handelshuset Rønneberg AS (før Carl E Rønneberg & Sønner) i Ålesund, som blei skipa i 1811 og såleis har over 250 års tradisjonar som handelsføretak.

********************************************************************

Villum Schjelderup har sendt inn dette bildet av gravmælet til Christopher Rønneberg og kona Margrete Frøise (først gift med Elias Willumsen Schielderup) på den gamle kirkegarden i Ulstein. Gravmælet er ei støypejernskiste, men er no i dårleg stand.

Rønneberggrava

 

Slik såg borgarlåna på Kriksholmen ut, etter at ho blei gjenoppført i Einarvika i Ålesund ac Christian Fredrik Wasmuth (teikning: Knud Ekroll).

Einarvika 001

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s