Larsnes I-II

Dette var opphavleg ein del av garden Ytre Saude. Den første borgaren vi kjenner til her er LARS NILSSEN, som dette Neset under Ytre Saude har fått namn etter, men han treng ikkje å ha vore den første. Lars tok borgarskap i Bergen i 1602, mest truleg, og er nemnd 1607-48. I 1610-20 åra dreiv han som trelasthandlar.

Sonen NILS LARSSEN tok borgarskap i Bergen i 1643. Han handla her kanskje nokre år, men er ikkje nemnd mellom borgarane i 1645.

I 1629 og -33 finn vi også JACOB SIMONSEN, lensmannsson frå Leikong, nemnd som borgar på Larsnes. Han tok borgarskap i Bergen i 1624, og kan ha handla her frå den tid. Seinast i 1648 var han flytta til Leikong. Jacob var mest truleg verson av Lars Nilssen. Seinast i 1645 hadde ein annan son av Lars Nilssen overtatt handelen etter faren.

Det var CHRISTEN LARSSEN, som også var borgar av Bergen. Det har ikkje lukkast meg å finne ut kva tid han tok borgarskap. Han er nemnd siste gongen i 1659 og var daud seinast i 1664.

Frå sist i 1640-åra dreiv borgaren CHRISTEN JACOBSEN også handel på Larsnes. Mest truleg var han son av ovannemnde Jacob Simonsen. Eg har ikkje funne borgarskapsåret hans, men ein mann av same namnet tok borgarskap i 1670. Også i 1674 er ein borgar Christen Jacobsen nemnd på Sunnmøre, og ikkje utenkeleg kan det ha dreidd seg om den same.

Enka etter Christen Larssen heitte Maren og var truleg av ei ætt Fros, sidan etterslekta deira brukte dette namnet. Ho sat med handelen her midt i 1660-åra.

Sonen CHRISTEN CHRISTENSEN FROS dreiv så handelen nokre år før han flytta til Borgarøya i Ulstein. Han tok borgarskap i Bergen i 1669.

Broren, OVE CHRISTENSEN FROS, tok borgarskap i 1670 og handla på Larsnes frå den tid til han døydde i 1709.

Ein verbror av Frosbrørne, OLUF ERIKSEN, er oppført som borgar på Larsnes i 1675. Han var truleg nordfjording med borgarskap i Bergen frå 1658. Han kan ha tatt over borgarsetet til den ovannemnde Christen Jacobsen. I 1680-åra flytta Oluf til Vik i Gursken, der han kan ha halde fram med handelen ei tid.

Enka etter Ove Christensen ekta MADS OLSEN ABELSET, borgarson frå Apalset, som handla her frå 1711 til han døydde i 1719. Nettoen i buet var kring 4000 rd, så dette var ein rikmann av dei sjeldne, kanskje ein av dei rikaste på Sunnmøre då.

Enka, MAREN HANSDATTER HELLEKANDE, prestedatter frå Herøy, tok så sjølv hand om handelen og dreiv han til ho døydde i 1743 med unntak av åra 1735-40, då ho let brorsonen HANS HANSSEN HELLEKANDE styre han for seg. Hans var lensmann i Rovde skipreide 1730-34. På skiftet etter Maren i 1743 blei aktiva sette til nær 2025 rd, passiva til1526 rd.

Etter Maren Hellekande overtok KNUD SANDSHAVN (opphavleg Hougsholm) handelen. Han var borgarson frå Ørstavik og Sandshamn (Støylehamn) og utdanna teolog. Før han kom til Larsnes hadde han vore huslærar hos sokneprest Peder Strøm i Borgund og såleis hatt Hans Strøm, seinare sokneprest og professor, som elev. Knud svarte handelsskatt 1745-60. I 1749 heitte det at Larsnes var et lidet kræmmersæde som berre kunne svare 5 rd årleg i avgift i staden for handelsskatt og konsumpsjon. Den velfornemme Knud Sandshavn døydde fattig i 1768. Aktiva: 2503 rd, passiva: 2123 rd.

Året etter tok HANS MOGENSSEN LEGANGER, truleg av kremmarætta på Leikong, til med handel her. Han svarte handelsskatt 1769-99. I 1785 heitte det om Larsnes:

Dette er et gammelt handelsstæd ey ubeqvemt, ligger 1/2 miil fra Sandsøe, endskiønt beboeren for nærværende fører en liden og ubetydelig handel, kan stædet som det eeneste i sognet ej ansees aldeles ufornøden.

Leganger døydde i 1803 etter å ha måtta gå frå eigedomen.

Den nye eigaren var RASMUS RØNNEBERG, kremmarson frå Kriksholmen. Han svarte handelsskatt 1806-22. Med han kom det atter velstand til Larsnes.

Sonen, CHRISTOPHER MATHIAS RØNNEBERG, første ordføraren i Herøy, tok over etter faren berre 17 år gammal i 1822. Han svarte handelsskatt 1823-63, dødsbuet 1864. Han dreiv også handel på Skottholmen og i Flusund.

Siste privilegerte kremmaren her var sonen RASMUS GERHARD RØNNEBERG, som handla frå 1865 til 1878. Han døydde i 1907. Enka heldt fram med brennevinshandelen.

 

KNUD OLSEN SANDSHAVN

Vellukka lærar, mislukka borgar

Knud Olsen Sandshavn var fødd 1709 på borgarsetet «gamle» Sandshamn (Støylehamn) som son av borgaren Ole Olsen Hougsholm II (1686-1748) og kona Ingeborg Knudsdt Wig frå Ørstavik. Huslyden overtok borgarsetet Ørstavik seinast 1724, men kan ha flytt dit noke før.

Knud Sandshavn var oppkalla etter morfaren, den rike borgaren og jordeigaren Knud Nilssen Wig i Ørstavik, tilliks med søskenbarna Knud Jørgensen Høgh (1716-71), borgar og stor jordeigar på Langskipsøya, og Knud Henrik Holtermann (1737-1815), høgsterettsdomar i København (ja, lenger var ikkje vegen frå sunnmørsk borgarstand til eit av dei øvste embeta i Danmark-Norge då!)

Knud Sandshavn gjekk først ut frå Bergens Skole 2. august 1732, kring 23 år gamal, noke som tyder på at han ikkje hadde gått på skulen særleg lenge. Dermed er det godt muleg at han kan ha fått undervisning heime på Sunnmøre like til 19-20 års alderen. Den einaste kjende læraren som underviste gutar som Knud på denne tida, var Ola Skulemeister på Øyra. Borgarhuslyden i Vik heldt seg neppe med eigen huslærar når det budde ein mann som Ola på Øyra.

MELLOM HOLBERG OG STRØM

Då Knud Olsen Sandshavn kom til København vart han ført fram til studenteksamen av den 25 år eldre Ludvig Holberg (1684-1754), då kjend professor og litterat. Me kjenner ikkje tilhøvet mellom Knud Sandshavn og Holberg medan Knud studerte i København anna enn at Knud fekk ein ny «præceptor», Hans Gram, men etter 4 år, 15. august 1736, vart Knud Sandshavn («Canutus Sandshaven») teologisk kandidat med beste karakter.

Truleg frå denne tida var Knud Sandshavn huslærar for sønene til sokneprest Peder Strøm i Borgund, dvs frå hausten 1736 og i vel 5 år utetter. Strøm døydde hausten 1741 og tvillingane Ole og Hans vart sende til Bergen først på året 1742 for å skrive seg inn ved katedralskulen.

Knud Sandshavn følgte dei på ferda, for «at overlevere dem til daværende rektor Jacob Steensens Hænder» (Steensen hadde vore rektor også då Knud gjekk på skulen der).

Hans Strøm hadde mykje å takke læraren sin for, noke han gjorde grundig; Hans var eigentleg etla til å verte teiknar og målar, men huslæraren i prestegarden vekte leselyst og lærehug hos denne guten som vart i vissa Sunnmøre sin største vitskapar noka tid.

BORGAR PÅ LARSNES

Seinast frå 1745 budde Knud Sandshavn på det eldgamle borgarsetet Larsnes i Rovde. Dette året ekta han tremenningen Else Sofie Pedersdt Langeloe (1717-90), lensmannsdotter frå Stranda, og tok same året til å svare handelsskatt.

Dette var ein merkeleg vri i Knud sitt liv, og ein kan berre lure på korfor han ikkje gjekk vidare på ein akademisk eller teologisk løpebane.

Tidene for sunnmørsborgarane var ikkje gode då, og mykje verre skulle dei verte. Då Knud sin far, den «høyfornemme Seigneur» Ole Olsen Hougsholm, borgar i Ørstavik, døydde 1748 fekk Knud ein farsarv på kring 1500 daler (mellom dette truleg også borgarsetet Larsnes), og var etter den tids mål grunnrik. Kona Else Sofie må også ha hatt ein slump arvemidlar – kanskje nær 2000 daler i alt – men då Knud Sandshavn sjølv døydde 20 år seinare, 1768, var nettoen i buet hans mindre enn 400 daler (aktiva: 2503 rd, passiva: 2123 rd).

Ervingane hans var enka Else Sofie og dottera «jomfru» Ingeborg Marie Sandshavn. Skiftet etter Else blei halde 1790, og midlane i buet hennar var då berre 16 rd, skulda 44!

Dottera Ingeborg Marie hadde då berre ein liten farsarv å leve av; 1801 budde ho hos søskenbarnet, Katrine Margrete Paus, og ektemannen hennar, underoffiseren Lars Anderssen Aamb (frå Ørsta) på Indre Dravlaus i Volda. Ingeborg Marie var då 47 år gamal og ugift.

 

Advertisements

One thought on “Larsnes I-II

  1. Det er framleis Rønneberg-familien (barna til Else og Per Halle) som eig hovudbruket på Larsnes, med villaen i sveitserstil – sjølv om den i desse dagar blir lagd ut for sal. Else var oldebarn til Rasmus G. Rønneberg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s