Leikong

Lensmannen i Rovde skipreide i første halvdelen av 1600-talet var SIMON SJURSEN, og han dreiv etter alt å døme handel. Vi høyrer ofte at han var i Bergen med jekta. Kanskje var han borgar med, kanskje lik den Simen Sømber («Sømmør») som tok borgarskap i Bergen i  1588. Simon var stamfar til eit borgardynasti som heldt seg til slutten av 1600-talet (sjå nedanfor samt Eiksund, Kjeldsund, Larsnes, Sundnes og Hallehamna). Simon var elles ein etter måten stor jordegodseigar.

  Sonen JACOB SIMONSEN, før borgar på Larsnes, tok over som lensmann i 1649 og sat med ombodet til han døydde kring 1680. Også Jacob dreiv handel her.

  Versonen ANDERS NILSSEN, av ukjent opphav, men helst ørsting (truleg ein frilleson av Nils Iversen Wig i Ørstavik), overtok så som lensmann og truleg også kremmar.

  I 1711 blei anders etterfølgd som lensmann av versonen POVEL MOGENSEN LEGANGER, ein bondeson frå Vik i Syvde, som utan tvil dreiv handel. Han var lensmann til 1714 og døydde i 1724, velståande. Aktiva i buet var 1119 rd (m.a reie pengar for nær 449 rd), passiva 170 rd.

  Sidan blei det ikkje drive borgarnæring her. Både sonen Jacob Povelsen Leganger og sonesonen Povel Jacobsen Leganger var lensmenn i Rovde skipreide, og dei hadde nære samband med ei rekke borgarætter på Sunnmøre.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s