Nerøy

Fram til 1615 brukte ein Jacob Simonsen garden. Namnet og seglmerket hans tyder på at han var borgar, men han er ikkje funnen innført i borgarboka. 1615-78 var brukaren av Nerøy Erik Madssen Fynbo, presteson frå Ulstein. Erik var lensmann i Nerøy og dreiv kanskje kjøpmannskap, men vi manglar prov.

  I 1700 kom ANDERS ROBERTSEN BINSTON til gards. Han var lensmanns- og borgarson frå Flusund, og hadde truleg handla der nokre år før han kom hit. I 1701 heitte det at han var 36 år gammal og at han hadde værit borger (han hadde likevel ikkje borgarskap). Mykje seinare tok han opp handelen og svarte handelsskatt 1747-48. Han var lensmann etter faren i Nerøy skipreide 1711-35. Han døydde i 1748. Midlane i buet blei sette til 750 rd (m.a kjøpmannsvarer for nær 159 rd; han åtte ikkje jekt), skulda til 687 rd.

  I 1749 ekta enka TYGE JOHANSEN RØDSET, kremmarson frå Rotset i Volda, som budde her til 1776, då han flytta til Gjertneset. I 1749 heitte det om Nerøy, der nu bliver antagen af Thyge Johan Rødset, at det var et ringe handelsstæd, hvor af i det høyeste aarlig kand svares 4 rd. Tyge svarte handelsskatt 1749-57.

  Etter dette låg handelen så godt som nede til 1789, då søstersonen hans, OLE NILSSEN WIIG, kremmarson frå Ulsteinvik, tok til å handle her etter å ha budd på garden frå 1776. Handelsskatt 1789-1808. Ingen handel seinare.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s