Papeneset

Dette namnet er for lengst ute av bruk. Staden kan ha lege på Bergsøya, mot Flusundet, truleg under garden Myklebust på grensa mot Eggesbø, men det kan like gjerne vere slik at Papeneset er eit eldre namn på Gjertneset med Gjertholmen.

  Første borgaren vi kjenner her er HANS HENRIKSEN PAPE (Paap, Pappe), som tok borgarskap i Bergen i 1597 og som borgarsetet har namn etter. Pape er nemnd første gongen i 1606-07, då han laut bøte 4 rd for ulovleg utliggarhandel i lag og på line med 27 andre borgarar og dessutan heile 76 rd, ein ufatteleg sum på den tida, for brotsverka sine mot bøndene på Sunnmøre. Han levde til kring 1625.

  Enka, Berte Knudsdatter, ekta så kanskje borgaren GARBRANT GARBRANTSEN, mest truleg av frisisk opphav, som er nemnd i 1629 og 1630. Borgarskapsåret hans er ikkje funne.

  Allereie i 1633 var det ein ny borgar på Papeneset, nemleg SØREN NILSSEN, ein bergensar med borgarskap frå 1632. Han var i verksemd like til 1664, då han døydde.

  Etter han kom ANDERS HANSSEN, som også brukte kjøpmannskap, men kanskje ikkje var borgar. Han var seinare bonde på Myklebust, i alle fall til 1683. Seinare blei det ikkje drive handel på Papeneset. Det var vel Gjertholmen som tok over, men kanskje heller var det slik at Papeneset er det same som Gjertneset.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s