Rafteneset

Dette er den gamle prestegarden i Herøy, på Rafteneset eller Stokksund, som staden også blei kalla. Fotograf: Villum Schjelderup.

Dette er den gamle prestegarden i Herøy, på Rafteneset eller Stokksund, som staden også blei kalla. Fotograf: Villum Schjelderup.

Vi kan ikkje vere heilt visse, men helst budde den ovannemnde  JOHAN BLANCHE på Rafteneset og ikkje i Stokksund. Sidan ætta Blanche var av tysk opphav (truleg frå Lübeck) er det tenkeleg at Johan Blanche var lik borgaren Johann Thysch som er nemnd i Herøyområdet i 1606-07. Vi veit ikkje kva tid han tok borgarskap. Han var helst i slekt med rådmann Morten Blanche i Bergen, nemnd 1570-72 (sjå Hella) og Anders Blanche som tok borgarskap i 1588 (sjå Blankholmen). I 1611-13 blei ein Johan Blanche utreidd som hakeskyttar av odelsbonden Iver Monssen Moltu med fleire. Dette var kanskje sonen til borgaren Johan.

Seinast frå 1618 budde så borgaren RASMUS LAURITZEN, seinare i Stokksund, her.

Neste borgar på Rafteneset var OLUF OLUFSEN (ikkje Christophersen, som Herøyboka hevdar). Han var truleg lik sunnmøringen av same namnet som tok borgarskap i Bergen i 1621. Oluf levde enno i 1657, men var daud før 1664.

I 1660 tok sonen OLUF OLUFSEN junior borgarskap som sejlingsmand i Bergen. Oluf må ha flytta hit etter 1666, for då budde berre mora Karen og broren Just her. Oluf var daud før 1675.

I 1675 rådde JOCHUM HOLST grunnen. Han var frå Femern og tok borgarskap i Bergen i 1665. Alt i 1663 er han nemnd på Sunnmøre, då som tenar for Helmer Meyer (sjå Skottholmen), men det er uvisst om han var fastbuande så tidleg. Til Rafteneset kom han truleg ved å ekte enka etter Oluf Olufsen junior, Anne Jørgensdatter Bryssel, ei datter av Jørgen Bryssel som handla i Ålesund i 1630-åra. Holst var her enno i 1683, men flytta så til Bergen, der han døydde i 1697. På skiftet etter han dette året blei aktiva i buet sette til vel 502 rd (m.a ei gammal jekt til 25 rd, husa i Herøy til det same og kram- og kjøpmannsvarer samt utskipa gods til 251 rd), passiva til berre snautt 29 rd. Ingen borgarhandel her seinare.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s