Skeide

Seinast 1592 var Magdalena Tørrisdatter, den lågadelege futeenka frå Søvik i Borgund, busett her. Ho hadde då truleg gitt opp handelen og overlatt han til sonen CARSTEN JONSEN RANDALL, som ho hadde frå første ekteskapet sitt med «Litje Jon», borgarmeisteren Jon Tomassen, i Bergen. Carsten flytta seinare til Fyrde i Volda, men han budde og handla på Skeide i alle fall til 1593. Dette året blei han stemnd til tings i Bergen av kjøpmannen Didrik Kramer i  kjøpmannsgarden Gullskoen på Bryggen. Kramer møtte på vegner av Tomas Ogelbye, ein skotteskipper (Ogilvy eller Ogilvie er eit skotsk ættnamn) og kravde Carsten for 60 daler etter eit pantebrev. Carsten hevda då at han alt hadde betalt 47 daler av gjelda. For resten hadde han avtala med Tomas paa Sunndtmør att giffue hannom saugbordt derfor: Carsten skulle levere Tomas sagbord for 13 daler på Sunnmøre. Av dette kan vi truleg slutte at Carsten Jonsen allereie på denne tida, som seinare, dreiv trelasthandel. Etter at han flytta til Fyrde er det ikkje nemnd folk som dreiv handel på Skeide.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s