Skottholmen

Denne holmen ligg nokre få hundre meter sørvest for Sævik på Remøya. Namnet kan tyde på at skottane, som handla på Sunnmøre på 1500- og tidleg på 1600-talet, hadde tilhald her. Plassar som årvisst blei vitja av skottar fekk gjerne namn etter dei, som Skotteberget i Borgund, Skottestøda i Volda og Skotteskjæret ved Langskipsøya; Saudeholmen ved Larsnes blei også kalla Skottholmen.

Borgaren HELMER MEYER, med borgarskap frå 1646, er nemnd som busett i Sævik i 1656. Det er mest rimeleg at han heldt til på Skottholmen og ikkje på garden Sævik, for han budde i Bergen, i alle fall i 1657 og helst før med. I Herøy heldt han kjøpsveinar.

Dei seinare borgarane ERIK KNUDSEN i Stokksund og JOCHUM HOLST på Rafteneset er begge nemnde som Meyer sine tenarane i tingbøkene, Erik før 1655, Jochum så seint som i 1663.

I 1666 budde husmannen Rasmus Olsen, 48 år gammal, her med sønene Lars på 5 og Peder på 3 år. Rasmus kan ha også ha vore kjøpsvein, men han er ikkje funnen nemnd slik.

I lange tider låg så Skottholmen nede som borgarsete, like til slutten av 1760-åra.

I 1769-71, 1783-84 og 1789-90 svarte løytnant JOHAN SCHIELDERUP, kremmar på Rotset i Volda, handelsskatt av Skottholmen, enka i 1791. Handelen blei driven av kjøpsveinar, kanskje året rundt og i fleire år enn det blei svart handelsskatt. I 1785 heitte det om staden:

Dette stæd har ejeren, som boer 3 à 4 miile fra havet i fiordene, indrettet til fiskevær og aarshandel. Stædet er fornøden saavel for ejeren som de til fiskeriet søgende handlende fiskere, at blive berettiget til handel, sær i vaarfisketiden.

Etter Schielderup si tid kan handelen ha lege ned i nærare 40 år, til OLE FJELDE, kremmar på Hareid I. Han fekk kongeleg handelsløyve i 1828, tok til å handle her i 1829 og skatta av handelen til og med 1833. Han gikk konkurs i 1832, og då overtok neste drivaren husa på holmen.

1834-63 svarte så CHRISTOPHER MATHIAS RØNNEBERG, kremmar på Larsnes, handelsskatt av Skottholmen, i 1864 dødsbuet hans. Rønneberg bygde mange hus på holmen. Han døydde under eit besøk her i 1863.

1865-90 dreiv ALBERT BAKKE, kremmarson frå Tyskholmen i Borgund, handelen. Han budde på staden. Også etter hans tid var det handelsstad, fiskevær og fiskeverking på Skottholmen.

************************************************

 

Her er eit bilde av Skottholmen som eg har lånt fra FB-sida «Gamle bilder fra Herøy-Sunnmøre»: https://www.facebook.com/groups/276419075758943/photos/

Skottholmen

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s