Stokksund

Det låg to borgarsete ved Stokksundet, eitt på øya som ber gardsnamnet Stokksund, og eitt på Rafteneset på Gurskøya, den seinare prestegarden, som oftast blei kalla Stokksund. Til skilnad frå prestegarden blei øya på 1700-talet kalla Bonde-Stokksund, som det altså er tale om her.

  I 1606-07 brukte ei Karen grunnen. 1609-15 var brukarane først presten Lauritz, sidan presten Jacob. I 1615-16 kom så Anne Stochsund inn som leigar, og ho brukte til kring 1627. Ho er oftast kalla Anne Daniells, og det kan ikkje vere større tvil om at ho var enke etter borgaren Hans Danell (Daneel, Danill) på Herøy. I 1610-11 er Johan Blanche nemnd i Stokksund, men det var helst på Rafteneset.

  Frå kring 1628 var borgaren RASMUS LAURITZEN brukar av grunnen. Ein mann av dette namnet tok borgarskap i Bergen i 1618, og det må ha vore den same. Han var frå Fåborg på Fyn. I 1656 heitte det at han hadde slutta å handle.

  I 1636-37 var LAURITZ HANSSEN, ein borgar i Stokksund, til Bergen med ei last fiskevarer. Han var fødd i Bergen og tok borgarskap i 1631. Kanskje var han son av Hans Danell? Seinare høyrer vi ikkje om han.

  Etter Rasmus Lauritzen tok ERIK KNUDSEN frå Fyrde i Volda over handelen. Han hadde borgarskap frå 1655. Før den tid hadde han tent Helmer Meyer som kjøpsvein (sjå Skottholmen). Erik skal ha budd her til 1685, men er ikkje nemnd som borgar i 1675 eller seinare.

  Så kan handelen ha lege nede til HANS NILSSEN GLAD, ein éinbeint bondeson frå Øy i Ørsta, men av borgarætta Wig på morssida (oppkalla etter voldspresten Hans Madssen Glad), kom hit i 1724. Han var finsmed, kanskje gull- eller messingsmed, og dreiv litt øltapp og småhandel attåt.

  Sonen JENS HANSSEN GLAD svarte handelsskatt i 1745; seinare høyrer vi ikkje meir om han.

  Mentz Willumsen Schielderup frå Flåvær og Lars Larssen Bie frå Hareid, begge kremmarsøner og versøner av Hans Glad, budde her i rekke 1762-75 og 1775-98, men utan å drive handel.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s