Ulsteinvik

Den første som tok til å handle her kan ha vore borgarsonen NILS HANSSEN BRANDAL frå Ytre Brandal, som ekta lensmannsenka her, Lisbet Hansdatter Hommers, kring 1711. Nils døydde i 1717.

  Enka ekta så NILS PEDERSEN EEGSUND, kremmarson frå Eiksund, som var lensmann i Ulstein  til han døydde i 1744. Skiftet etter han frå 1745 viser klart at han dreiv kjøpmannskap. Aktiva i buet var då vel 1068 rd, passiva vel 378 rd. Ei tid før hadde han trulova seg med borgardattera Gjertrud Rødset frå Rotset i Volda, men dei nådde ikkje å gifte seg før han døydde.

  Gjertrud ekta så han som frå 1751 var lensmann i Ulstein, NILS OLSEN WIIG (etternamnet etter Vik i Ulstein, Ulsteinvik), bondeson frå Indre Leine i Herøy av borgarætt på morssida (Svertz). Nils  døydde i 1754. Også han dreiv handel, men utan å svare handelsskatt. Aktiva i buet gikk opp i vel 2309 rd, passiva i snautt 84 rd. I buet var ei 12 år gammal jekt (90 rd), over 770 rd i reie pengar, kjøpmannsvarer for 95 rd og eit jordegods sett til 336 rd.

  Gjertrud Rødset ekta så JACOB CHRISTIAN PAUS, før kremmar på Langlo og lensmann i Dale skipreide, som døydde i 1759. Også Paus var kremmar, men svarte ikkje skatt av handelen, truleg fordi han var lensmann. Paus etterlet seg eit velstandsbu, der aktiva var nær 1193 rd, passiva 456.

  Men Gjertrud fann seg snart ein ny mann, lensmann, STEVELIN WILLUMSEN SCHIELDERUP, kremmarson frå Flåvær, som var lensmann i Ulstein frå 1762 til han døydde i 1768 eller -69. Som dei føregåande lensmennene og kremmarane her svarte heller ikkje Schielderup handelsskatt, men det er ikkje tvil om at han verkeleg dreiv handel, i det minste gjestgiveri. På skiftet etter han i 1769 blei aktiva i buet sette til 746 rd, passiva til 205 rd.

  Stesonen OLE NILSSEN WIIG etterfølgde Schielderup som lensmann til kring 1775, då han flytta til Nerøy i Herøy, der han seinare dreiv handel. Eg reknar med at også han handla i Ulsteinvik.

  Etter denne tid kan handelen ha lege nede til kring 1795, då NILS SCHIELDERUP, son av den ovannemnde Stevelin Schielderup, tok til som gjestgivar. Uvisst av kva grunn svarte heller ikkje Nils handels- eller gjestgivarskatt så lenge han handla, visstnok til 1838.

  Sonen STEVELIN JOHAN SCHIELDERUP, tok over gjestgiveriet etter faren, men det er uvisst kor lenge han dreiv det. Han døydde i 1866.

  Kring 1840 tok så PEDER MYKLEBUST, bondeson frå Ørsta, til med gjestgiveri i Ulsteinvik. Han var inngifta i Svendsenætta på Borgarøya.

  Før 1865 fekk så ERIK WEBJØRNSEN SVENDSEN, kremmar i Ørstavik, hand om eitt av borgarseta her.

  I 1865 selde han det til sonen WEBJØRN ERIKSEN SVENDSEN, som kanskje dreiv det ei tid.

  Han selde vidare til PETER CHRISTIAN HOEL, ein moldensar og kjøpmann i Ålesund, som handla her ved kjøpsveinar. I 1877 selde Hoel borgarsetet til Peter Bøe. Dette året var heile fem handelsføretak i verksemd i Ulsteinvik.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s