Vattøya

I 1713 kjøpte OLE PEDERSEN NIBE, truleg borgarson frå Laberget IV, Vattøya for 44 rd av Hans Møller. Nibe hadde før vore tollvisitør på Valderhaug (1701) og tollbetjent i Ålesund (1704), men var innblanda i ei grov tollsviksak i 1705 og blei avsett. Han flytta då til Hareid, men kom snart til Flåvær, der han budde 1705-12. På Vattøya må han ha drive handel, om enn ikkje i stor stil. Han døydde i 1741, ikkje mykje velståande. Aktiva blei sette til vel 236 rd (av dette kjøpmannsvarer for 42,5 rd), passiva til nær 178 rd.

  Etter denne tid kan handelen ha lege nede nokre år, truleg til 1758, då WILLIAM GORDON, kjøpmann i Kristiansund (sjå Flåvær), tok til med kjøpsveinhandel her. Gordon svarte handelsskatt 1758-71.

  Etter segna var CHRISTOPHER TJÆRANDSEN RØNNEBERG Gordon sin kjøpsvein her. I så fall var han kanskje den første og berre til 1762, då han tok til som kremmar på Krihsholmen.

  1767-69 var OLE MANGOE kjøpsvein for Gordon, i 1769 handla han for Gordon i Borgund. Der avløyste han Lars Grubbe, som seinare handla for Gordon på Flåvær.

  Truleg var LARS LOBES GRUBBE William Gordon sin kjøpsvein her før Mangoe kom. Andre kjøpsveinar for Gordon på Vattøya kan ha vore Jacob Nilssen Qvist og Lambert Neuenkirchen, som i alle fall handla for Gordon i Borgund.

  Etter denne tid høyrer vi ikkje om handel her før i 1783, då JØRGEN JØRGENSEN HØGH på Grimmergård II i Ålesund tok til å svare handelsskatt. Det gjorde han til 1796. I 1785 heitte det om staden:

 

Har tilforn været brugt som fiskevær, hvortil stædet i sær i vaarfisket er beqvemt, men af nuværende ejer drives handel her, for nærværende heele aaret; stædet ansees ej ufornøden.

 

1797-1812 svarte enka etter Høgh, APOLLONE CATHRINE SCHØNING, handelsskatt. Den første tida dreiv kjøpsveinar handelen.

  I 1801 var bonden POVEL KNUTSEN WATØEN handelsgesell for Høghfolka i Ålesund.

  I 1812 kjøpte Hans Widerøe på Tyskholmen borgarsetet. Han selde det vidare til Arent Jørgen Høgh, son av ovannemnde Jørgen Høgh og før kremmar i Ålesund, som budde her til 1852 (eller 1862, då han døydde). Han dreiv ikkje handel, i alle fall svarte han ikkje handelsskatt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s