Hareid I

Staden er truleg lik Hareidstrand. Første borgaren vi kjenner her er EINAR STØRKERSEN, mest truleg lensmannsson frå Tennfjord, som tok borgarskap i Bergen i 1615 og budde på Hareid seinast i 1625-26, då ein mann frå Holstad laut bøte 2 daler for å ha slått inn ei vindusrute hos Einer Kremer på Hareid i fylla. Han budde her enno i 1636-37, då han førte ei jektelast med fiskevarer til Bergen.

  Neste borgaren vi høyrer om er NILS JACOBSEN. Han tok borgarskap i Bergen i 1661 og det er då sagt at han var frå Foske på Sunnmøre. Helst var han frå Borgarøya. Seinast i 1667 budde Nils her. Seinare er han ført som brukar av Hjøringdal og er derfor stundom kalla Jørgendal, eit namn sonesonen Tyge Jacobsen brukte som borgar på Taskeberget i Borgund. Nils døydde truleg i 1686. Omtrent på denne tida tok Jens Hanssen til å handle på Hareid, men etter alt å døme var det på eit anna borgarsete (Hareid II).

  Mest truleg heldt skreddaren JØRGEN CHRISTENSEN LINDE, futeson frå Ryfylke, fram med handelen her. Han var seinast i verksemd i 1690. Kring 1692 gikk det ut med han, og han flytta til Teigane på Hareid.

  I 1692 overtok broren til ein av Linde sine hovedkreditorar, Nils Pedersen Assens på Grimmergård i Ålesund, handelen. Namnet hans var RASMUS PEDERSEN FOLCHMAR. Han var mest truleg frå Århus og hadde føre vore kjøpsvein på Øyra i Volda, kanskje også på Herøy i Herøy. Han må ha døydd kring 1695-96.

  Broren, NILS PEDERSEN ASSENS på Grimmergård I i Ålesund, dreiv så handelen 1696-98.

  Kjøpsvein for Assens var PEDER LARSSEN BIE (etternamnet er ofte skrive Bij, som ein kan lese både som Bi og By), som frå 1699 handla for eiga rekning. Vi veit ikkje kor Peder kom fra, men var  nok bror til Just Larssen Bie, kremmar i Naustdal i Nordfjord. I 1705 fekk Peder gjestgivarløyve av stiftamtmannen i Bergen, noke som var eineståande på denne tida. Han døydde kring 1716 som ein velstandsmann, kanskje rik, for eiga (nettoen) i buet hans må ha vore 1614 rd.

  I 1717 fekk sonen LARS PEDERSEN BIE likeeins Borger og Gastgæber Bref av stiftamtmannen. På skiftet etter kona i 1738 var buet berre så vidt solvent. Aktiva blei sette til 361 rd 8 skilling (m.a ei jekt på 10 lester til 40 rd), passiva til 361 rd. Då Bie sjølv døydde i 1742 var han grundig fallitt (aktiva: 442 rd, passiva 562 rd).

  Enka etter Lars Bie ekta HANS CHRISTIAN FÜRSTENBERG, gullsmedson frå Litje Fosen eller, som byen heitte frå 1742, Kristiansund (sjå Øydegard). Fürstenberg bygsla borgarsetet i 1746 og han svarte handelsskatt 1749-61. I 1755 fekk han, som dei to føremennene, gjestgivarløyve av stiftamtmannen. I 1749 heitte det at Hareid skulle vel være et giestgiverstæd, som dog ei er synderlig nødvendigt, men i henseende til dend liden handel derunder drives, kand deraf betales 4 rd aarlig. Fürstenberg gikk konkurs i 1767.

  Då kjøpte HANS ULRIK MORSING, kjøpmann i Kristiansund, borgarsetet, som han leigde vekk til Fürstenberg, som skal ha handla endå nokre år. I 1770-71 dreiv Morsing handelen ved ein gesell, som kan ha vore Fürstenberg. Seinare skal Fürstenberg ha budd i eller ved Ålesund, på Flatholmen eller Steinvågneset, men dette er uvisst.

  Morsing må seinare ha halde LARS LOBES GRUBBE, sjå Flåvær og Vattøya, som kjøpsvein her, og i 1780 ein seigneur Klüwer, truleg PETER CHRISTIAN KLÜWER.

  I 1782 selde Morsing kremmarsetet til NILS ELLINGSEN GJØSUND, som ikkje ser ut til å ha drive sjølvstendig handel her, men som kan ha vore kjøpsvein for verbroren Johan Jacob Rødset. Gjøsund selde i 1788 vidare til JOHAN JACOB RØDSET, kremmar på Borgarøya. Handelsskatt 1790-98. Gjøsund døydde i Korshamn i 1797 etter måten velståande (aktiva 693 rd, passiva 405 rd).

  I 1798 selde Rødset borgarsetet til verbroren HENRIK NILSSEN TONNING, kremmarson frå Rugsund i Nordfjord og før kremmar på Skipenes ved Eid. Tonning svarte handelsskatt 1799-1809. Han døydde i 1818 som bonde.

  Handelen låg så nede til 1824, då versonen til Tonning, OLE FJELDE, klokkarson frå Herøy, tok til å handle. Han svarte handelsskatt 1825-35; handla også på Skottholmen. Fjelde gikk konkurs i 1832, men handla enno. Flytta seinare til Ålesund, der han tok borgarskap i 1842.

  Neste kremmaren her var ANDREAS RØNNEBERG, kremmarson frå Larsnes, som svarte handelsskatt 1836-42. Rønneberg var utdanna snekkar; også han flytta til Ålesund, der han tok borgarskap i 1844.

  I 1842 overtok PETER AMLAND, ein skipper frå Bergen, borgarsetet. Handelsskatt 1844-46. I 1847 laut han gå frå staden.

  Firmaet J CHR ISDAHL i Bergen dreiv så handelen nokre få år med ein FREDRIK FOSSE som handelsforvaltar. Etter 1849 ikkje privilegert handel. I 1877 var tre handelsføretak verksame på Hareid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s