Indre Brandal

Seinast i 1674 hadde HANS JENSSEN GLAD, borgarson frå Jensholmen i Herøy, tatt over denne delen av Brandal. Han tok borgarskap i Bergen i 1667, men hadde før handla nokre år i Drevika i Borgund og kanskje også på Jensholmen før han kom til Indre Brandal i samband med at han ekta  prestedattera Anne Rasmusdatter Brandal. Han tok også over den handelen som verbroren Anders Rasmussen Brandal hadde brukt i Håkeshamn. Hans Jenssen Glad døydde kring 1690.

  Same året fekk LARS ELLINGSEN BRANDAL skøyte på garden. Han var av ei rik bondeætt på Årskog, Nøre Vartdal, og ekta enka etter Hans Jenssen. Lars var aleine om handelen på Brandal til kring 1714, då brorsonen til kona, Rasmus Hanssen Brandal, tok til å handle på Ytre Brandal. Lars Ellingsen og kona døydde begge i 1721; buet var fallitt (aktiva: 557 rd, passiva: vel 623 rd).

  Handelen ser så ut til å ha lege nede til 1733, då sonesonen til gamle Hans Jenssen Glad av same namnet, HANS JENSSEN BRANDAL (Gladnamnet blei sjeldan brukt på denne tida), kremmarson frå Håkeshamn, kjøpte Indre Brandal av Rasmus Hanssen på Ytre. Hans Jenssen Brandal handla til han døydde i 1749; handelsskatt 1742-48. Han etterlet seg eit etter måten velståande bu. Aktiva var nær 1847 rd etter auksjon, passiva snautt 1311 rd.

  Enka ekta truleg i 1751 JOHAN CARL FREDRIK BRENNICHE, helst ein bergensar, som svarte handelsskatt 1752-63. På skiftet etter kona, Birgitte Colbensdatter Ødegaard, i 1763 blei midlane i buet sette til 2756 rd, skulda til nær 2738. Det bar seg, så vidt. Brenniche gifta seg så til Sørneset i Borgund og flytta dit.

  Stesonen, JENS HANSSEN BRANDAL, før kjøpsvein på Tyskholmen, tok så over handelen. Han svarte handelsskatt 1764-65 og døydde tidleg på året i 1766, nær fallitt. Aktiva var 3519 rd, passiva snautt 3298 rd.  Så var det slutt med handelen her. Jens Hanssen Brandal var 5. eller 6. ættleddet av kremmarar i rett mannslinje.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s