Liavågen

Kring 1630 var det to borgarsete i eller ved Liavågen, Kippervika og Støveneset. Den første borgaren vi finn nemnd her er SIVERT PEDERSEN, i 1629. Det heitte då at han budde i Lijvogh. Han kan ha vore lik Sigward Pedersen frå Sunnfjord med borgarskap i Bergen frå 1620. I 1633 heitte det at han budde i Kippervika. Seinare ikkje nemnd.

  Same året er borgaren CLAUS JANSEN nemnd som buande på Støffuenes. Året før heitte det at han budde i Lijvogghen. Han var helst lik ein mann av same namnet som tok borgarskap i Bergen i 1628; i så fall var han bergensar. Claus budde her enno i 1636-37. Seinare er han ikkje nemnd, men i 1645 budde ein borgar Claus Jansen i Bergen, og dette var nok den same.

  Etter Claus Jansen si tid ser det ikkje ut til å ha vore handel her før frå 1685, då JACOB NILSSEN LIEVOG, fekk skøyte på garden av faren, Nils Jacobsen på Hareid I. Kanskje hadde Nils hatt eit kjøpsveinsete her. Jacob dreiv mest truleg handel, men då han døydde i 1711 etterlet han seg rett nok eit etter måten rikt bu, men utanom jekta hadde buet ingen særskilde kremmarsaker.  Aktiva i buet var nær 562 rd (jekta 50 rd, jordegods 236 rd), passiva vel 168 rd.

  Sonen NILS JACOBSEN LIEVOG tok over garden og byrja å handle kring 1720. I 1724 heitte det at det her ved denne gaard har været et gammelt og ringe kremmerleje, som nu igien paa nye bliver oprettet og ført i stand af Nils Jacobsen. Det gikk ikkje greitt for Nils. I 1733 kom borgarsetet på auksjon og blei kjøpt av Nicolai Ulrichs i Fyllingen i Borgund for 139,5 rd. Nils fekk då rett til å bruke Liavågen resten av livset mot ei årleg leige på 5% av kjøpesummen. Han døydde fattig i 1756; aktiva nær 41 rd, passiva vel 77 rd. Det ser ikkje ut til at han handla etter 1733.

  Etter Nils Jacobsen Lievog si tid var det liten eller ingen handel i Liavågen. Men folk av fornem stand heldt fram med å bu her. I 1762 var det sonen Jacob Nilssen Lievog, seinare i 1760-åra den førre kremmaren Carl Henrik Hennings frå Søvik i Borgund. Kring 1800 budde prestesønene Hans Hanssen Høgh og Joachim Cappelen her. Cappelen åtte jekt og dreiv kanskje litt handel, men utan å svare handelsskatt. Broren, Andreas Elias Cappelen, som før hadde vore kjøpsvein for Nils Wind på Ytre Brandal, budde her i 1801 og åtte då en jægt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s