Øydegard

Garden er utskild frå Nøre Vartdal kring 1600. I 1636-37 høyrer vi første gongen om handel her, då Jonn Ødegaard laut bøte 7 rd for ulovleg kjøpmannskap og forsømt føringskap. Mest truleg dreidde det seg om den JON OLSEN på Øydegard som i 1643-44 laut bøte nett det same for å ha handla ulovleg. Han kan ha vore lik Jon Olsen frå Sunnmøre som tok borgarskap i 1652.

  Seinast frå 1626 budde ein annan Jon, JON SJURSEN, her, truleg Jon Olsen sin stefar. Han må ha vore lik Jon Sjursen frå Vartdal som tok borgarskap i Bergen i 1664. Han kan ha handla før den tid også. Seinast i 1666 var han daud.

  Brukar i lag med Jon seinast frå 1657 var OTTE OLSEN. Han var truleg bondeson frå Øydegard og bror til den ovannemnde Jon Olsen. Ein Otte Olsen frå Sunnmøre tok borgarskap i 1643, og var mest truleg lik Otte på Øydegard. Otte døydde nok før 1674.

  Frå denne tida var COLBEN JONSEN ØDEGAARD einebrukar. Colben må først å ha vore gift med enka etter Jon Sjursen. Han var son av ein Jon Olsen, truleg lik borgaren Jon Olsen ovanfor. Colben hadde ikkje borgarskap, men dreiv handel og jordegodskjøp i stor stil. Då denne velagte og fornemme mand døydde i 1725 etterlet han seg eit rikt bu på over 1900 rd netto: Aktiva var 2048 rd (m.a. 200 rd i reie pengar, 199 rd i sølvsaker samt jodegods og hus for 824 rd), passiva 119 rd.

  Enka ekta seinare, truleg etter 1730, ABRAHAM JANSEN MØLLER, kjøpmannsson frå Bergen, som handla her til han døydde i 1738 medan han var i Bergen. Aktiva i buet var 2273 rd (m.a ei jekt på 16-17 lester, sett til 120 rd), passiva nær 1700 rd.

  Enka etter Møller, INGEBORG HANSDATTER BRANDAL, handla så til ho døydde i 1755. I 1749 heitte det om kremmarsetet her, hvor nu en enke boer, at det er vel forsaavidt et nødvendig giæstgiverstæd, men da det er af ingen importence, men meere møye for de rejsendes befordring, kand det ei efter billighed for noget ansættes«. Ingeborg hadde ikkje betalt handelsskatt i dei føregåande åra, og kom heller ikkje til å gjere det.

  Dattera  hennar sin verson, JØRGEN MATHIAS FÜRSTENBERG, gullsmedson frå Litje Fosen (sjå Hareid I), tok til å svare handelsskatt i 1755. Det gjorde han ut 1764. Han budde her endå kring 10 år før han  flytta til Romsdal. Han døydde som gjestgivar i Bud i 1807. Seinare ingen handel.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s