Sula

Dette borgarsetet låg på sørsida av Sula, kanskje på eller ved Sulesund. I 1633 budde to borgarar her, Rasmus Sullen og Johan i Sullen.

  Den førstnemnde heitte RASMUS OLSEN. Både i 1615 og 1618 tok ein sunnmøring av dette namnet borgarskap i Bergen. Rasmus er nemnd her første gongen i 1629. Han ser også ut til å ha vore i verksemd i 1636-37. Seinare ikkje nemnd.

  Den andre borgaren er ved andre høve kalla både Jan Jansen og Johan Johansen. Ein sunnmøring med dette namnet, JOHAN JOHANSEN, tok borgarskap i Bergen i 1624. Vi finn han første gongen nemnd på Sunnmøre i 1630-31. Han var mest truleg son av borgaren Johan Willumsen i Hannsund. Johan Johansen budde frå midten av 1630-åra på Rellingen i Norddal.

  Det er ikkje far etter borgarar her seinare. Truleg forsvann dei då trelasthandelen opphøyrde.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s