Ytre Brandal

Då POVEL HELGESEN blei avsett som lagmann i Bergen og Gulating i 1602 flytta han til Sunnmøre og busette seg på Brandal. Povel var frå Gile, Vang i Hedmark. Han blei utskriven frå Bergen katedralskole i 1567 og var så i utlandet ei tid. I 1568 tok han borgarskap i Bergen og verka som byskrivar til 1585, då han blei lagmann. Frå 1583 var han elles rådmann i byen. På Sunnmøre sat han som stor jordegodseigar. Han åtte også ei eller fleire sager, og det er svært sannsynleg at han dreiv handel, men er ikkje nemnd som borgar. Han døydde kring 1625. Povel brukte heile Brandal; det same gjorde sonen Rasmus Povelsen Brandal, sokneprest i Ulstein.

  Vi veit at Povel Helgesen hadde sonen Anders. Dette kan ha vore den ANDERS POVELSEN som er nemnd som borgar på Sunnmøre i 1633. Ein annan son kan ha vore Claus Povelsen som handla i Vegsund kring 1660. På Brandal handla seinast frå 1674 verbrørne Hans Rasmussen Brandal, son av presten, og Hans Jenssen Glad, gift med søstera til Hans Rasmussen, den eine på Ytre Brandal, hin på Indre Brandal.

  På Ytre Brandal sat HANS RASMUSSEN BRANDAL. Han døydde i 1698. Etter skiftet å døme dreiv han ikkje handel, men på skiftet etter enka i 1720 (ho levde då) er han kalla fordum borger og handelsmand. Han ser ikkje ut til å ha hatt borgarskap i Bergen. Han etterlet seg midlar for 411 rd, m.a ein diger buskap på nær 40 kyrlag (av dette 20 kyr; alt sett til 112 rd), gode hus (70 rd) og 8,5 mællag i Brandal (sett til 76,5 rd). Men skulda var stor, nær 226 rd, og mest skulda han verbroren i Ørstavik, Knud Nilssen Wig (150 rd) og versøstera Maren på Langlo (30 rd).

  Sonen RASMUS HANSSEN BRANDAL tok seinast i 1714 til å handle her og dreiv til han døydde i 1736. På skiftet etter kona, madame Maren Olsdatter Brandal, i 1727 blei aktiva sette til vel 3130 rd, passiva til nær 206 rd. Rasmus blei då kalla Borger. Då han døydde skal formua hans ha vore 3800 rd, men om det dreidde seg om aktiva eller eige kjenner eg ikkje til. I 1720-åra kan han også ha handla i Kjeldsund, der han var blitt gift med enka etter Jens Rasmussen Lund.

  Versonen til Rasmus Hanssen, OLE OLSEN HOUGSHOLM III, kremmarson frå Ørstavik, tok over etter verfaren. Han svarte handelsskatt i åra 1742-51.

  I 1749 heitte det om Brandal under eitt, at garden beboes af 2de opsiddere som begge bruger een ringe og u-betydelig handling, men naar een af dem paa dette stæd drive handelen alleene kunde deraf aarlig svares 12 rd.

  Det ser nesten ut til at Ole Hougsholm III følgde denne tilrådinga og la ned handelen, men etter alt å døme var det berre skattytinga han ga opp. På skiftet etter kona hans i 1761 var buet fallitt: Aktiva var 2839 rd, passiva 2857 rd. Ole Brandal, som han også blei kalla, levde enno i 1775 og skal då ha budd hos søstera (Ragnhild Margrete, enke etter Jørgen Jørgensen Høgh), truleg i Ørstavik.

  I 1770 kjøpte NILS WIND, kremmar på Taskeberget, Ytre Brandal. Wind kan ha tatt til å handle her i 1770-åra, men først 1781 høyrer vi uttrykkeleg om handelsdrift.

  Då forvalta ANDREAS ELIAS CAPPELEN handelen for Wind. Men først frå 1783 svarte Wind handelsskatt. Det gjorde han til 1799, då han døydde. Enka svarte så handelsskatt 1800-17. I 1785 heitte det om Ytre Brandal:

 

Er et gammelt handelsstæd, beqvemt og fornøden nu og fremdeles, da det er paa næsten 1 miils distance separeret fra andre handelsstæde. Almuen af 2de sogne søge dette stæd aaret om, men i sær i vaarfisket, da en mængde almue der samles. Den haarde og farlige Brandalsfiord, hvor havet ved mindste strøm [og] vind støder ind, nøder almuen, som for det meste ere fattige, meget ofte at tiltrænge dette stæd, om end de ville søge andre stæder, for at erholde det behøvende.

 

  Den som dreiv handelen for Windfolka frå 1797 var prokuratoren ANDREAS LANDMARK, son av ein manufakturhusstyrar i Bergen. Landmark var gift med dattera til Nils Wind, enke etter futen Andreas Nordløv. Frå 1804 var Landmark fut.

  1825-40 svarte så MICHAEL ANGELL LANDMARK, brorson til futen, handelsskatt. Andreas Landmark var jamvel verfaren hans. Seinare blei det ikkje drive privilegert handel på Ytre Brandal. Michael Angell Landmark var lensmann frå 1840 til han døyde i 1883.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s