Borgarseta i Hareid

Hareid sokn omfatta omtrent halve, austdelen, av Hareidlandet, sørvestdelen av Sula samt Vartdalsstranda. Det var 10 borgarsete i soknet gjennom tidene, men det finst snautt restar av noken, trass i at fleire var både store og langliva.

Ei av dei retteleg store borgar- og embetsættene på Sunnmøre skreiv seg frå Povel Helgesen, lagmann i Bergen og Gulating, som blei avsett i 1602 og då flytta til førstekona sin odelsgard Brandal, som ætta tok namn etter. På Ytre og Indre Brandal var ætlingane deira borgarar like til kring 1770. Povel Helgesen omsette Magnus Lagabøtes Landslov frå norrønt til dansk; han var ein lærd humanist og må ha hatt ei diger boksamling. Kanskje tok dei sunnmørske lærdomstradisjonane til der?

På Hareid I dreiv Nils Jacobsen borgarsetet frå 1660-åra. Han var rik på både jordegods og anna, og blei stamfar til borgarættene i Liavågen og Eiksund. Liavågen hadde to borgarsete kring 1630. Eine borgaren der, Claus Jansen, var truleg stamfar til borgarætta Svertz, som gjorde seg gjeldande over stordelen av Sunnmøre, men mest i Borgund. Borgarætta Lievog kom til staden i 1685, og ein av lievogætlingane var teologen Rasmus Lievog, som frå 1779 til han døydde i 1811 var kongeleg astronomisk observatør på Island.

Det einaste langliva borgarsetet på Vartdalsstranda var Øydegard på Nøre Vartdal, som var i drift frå 1630-åra til 1764. På Sula budde nokre borgarar i trelasttida, men ikkje seinare.

Borgarseta blir rekna opp slik: Ytre Brandal, Indre Brandal, Hareid I, Hareid II, Liavågen I-II, Søre Vartdal, Øydegard og Sula I-11.

 

H A R E I D

I tillegg til austdelen av Hareidlandet femnde dette soknet også om den sørvestlege delen av Sula samt Vartdalsstranda på fastlandet. Eg har registrert 10 borgarsete i soknet gjennom tidene, fordelte på desse stadane: Ytre og Indre Brandal, Hareid, Liavågen, Søre Vartdal, Øydegard og Sula. Både Hareid, Liavågen og Sula hadde stundom to kremmarar samtidig. Det mest varige borgarsetet var Hareid, men dei beste borgarseta var nok på Brandal.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s