Borgarseta i Volda og Ørsta

I Volda var det 13 borgarsete gjennom tidene, i Ørsta tre, men eitt av desse, Ørstavik eller Vik, var mellom dei aller største på Sunnmøre til liks med Rotset i Volda. I trelasttida var handelslivet intenst i området, men då trelasthandelen var over dabba det mykje av og somme borgarsete kom heilt vekk.

Gjennom tidbolken 1570-1870 var midtstaden i Volda, Halkjelsvik (Halkjelsvik, Vikeneset, Øyra og Rotset) som ein småby, den einaste på Sunnmøre utanom strandstadane i Borgund: Valderhaug, Ålesund, Langevågen og Nørvasundet. I Halkjelsvik budde større og mindre handelsfolk i lag med fleire slags handverkarar, arbeids-, fattigfolk og fant. På Rotset rådde den mektige borgarætta Rødset frå kring 1600 til 1761 og til dels seinare med.

I Ørstavik rådde ætta Wig frå 1640-åra og like til 1806, då hallingdølen og haugianaren Webjørn Svendsen overtok. Ætlingane hans breidde seg snart til mange borgarsete elles på Sunnmøre. Den staselege Svendsengaren i Ørsta er eit minne om denne driftige slekta, slik minnetavla i Ørsta kirke frå 1703 er det om den mektige forgjengaren til Svendsen, Knud Nilssen Wig, ørstakongen.

Lågadelsmannen, trelasthandlaren og sageigaren Carsten Jonson Randall til Fyrde sette også far etter seg, om ikkje fysiske, så i alle fall genetiske, for «halve» Volda stammar frå denne mannen.

Borgarseta i området bli rekna opp slik: Ekset, Vikeneset, Halkjelsvik, Øyra I-II, Rotset, Fyrde, Kile, Indre Folkestad, Rønnestad, Indre Dravlaus og Sætre (Volda), Raudøya, Sørheim og Ørstavik (Ørsta).        

 V O L D A

Eg har funne 13 borgar- og gjestgivarsete i bruk i Volda gjennom tidene, men berre sjeldan var meir enn tre verksame samtidig. Det einaste borgarsetet med samanhengande tradisjon frå 1600- til 1800-talet er Rotset, som i dag utgjer grunnen til Voldabyen i lag med Øyra og Halkjelsvik. Borgarseta blir presenterte i denne rekkefølga, frå grensa mot Ørsta, inn og ut fjordar, til grensa mot Rovde: Ekset, Vikeneset, Halkjelsvik, Øyra (som kring 1700 hadde tre borgarsete), Rotset, Fyrde, Kile, Indre Folkestad, Rønnestad, Indre Dravlaus og Sætre.

Ø R S T A

Her finn vi tre kremmarsete, Raudøya, som gikk ut av bruk allereie i første halvdelen av 1600-talet, Vik, eller Ørstavik, som kom opp kring midten av dette hundreåret og som på sett og vis framleis er verksamt, for så vidt som mykje av Ørstabyen ligg på grunnen til det gamle borgarsetet, og endeleg Sørheim, der det blei dreve handel ei tid først på 1700-talet.

Nærare om dei einskilde borgarseta i Volda og Ørsta nedanfor:

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s