Fyrde

Inst i Austefjorden og rik på lunnende ligg Fyrde, som for meir enn 400 år sidan blei bustad for ein merkeleg mann, CARSTEN JONSEN RANDALL. Han var son av Jon Tomassen, borgarmeister i Bergen frå 1540-åra, frå Orknøyane, men av norsk ætt. Mora til Carsten var Magdalena Tørrisdatter av ei nordnorsk lågadelsætt. Som enke ekta ho i 1568 sunnmørsfuten Hans Laurensson, og det var kanskje ved dette høvet sønene hennar frå første ekteskapet, Tomas Jonsen, seinare i Spjelkavik, og Carsten flytta til Sunnmøre. I 1590-åra var Magdalena, som då hadde vore enke i over 20 år, på Skeide i Ulstein, der også Carsten kan ha budd i 1593, då han var i ei rettssak som gjaldt hopehavet hans med ein skotsk skipper som dreiv trelasthandel på Sunnmøre. Ikkje lenge etter må Carsten ha flytta til Fyrde, som han kan hatt som adeleg setegard; i alle fall er han ofte omtala som Carsten Jonsen «til Førde». Ættnamnet Randall (også skrive Randel) kan anten skrive seg frå garden Randal i Olden, men helst frå Orknøyane. Carsten Jonsen dreiv sagbruk på Fyrde, to sager, som han hadde sagmeistrar til å styre. Han dreiv også stor handel. Kona hans, Maren, var datter av lagmann Jørgen Pedersen i Trondheim av ei ætt som elles blei kalla Staur. Gjennom kona fekk Carsten Jonsen hand om ein god del jordegods i Sogn og part i ein kjøpmannsgard på Bryggen i Bergen. Han levde enno i 1618, for dette året skreiv han testament. Då Carsten døydde ekta enka borgaren Oluf Knudsen på Slinningen i Borgund. Carsten og Maren hadde to søner, Jørgen og Jon, den sistnemnde budde på Fyrde frå kring 1620. Kanskje var han lik borgaren Jon Førdt på Raudøya. Vi har ikkje prov for at Jon Carstensen dreiv handel. Carsten hadde også ei datter Else, som skal ha vore gift med ein Hans Lydersen (jf Nupen). Kaptein Johan Grand er elles nemnd som ein verson.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s