Halkjelsvik

Dette var prestegarden i Volda i det minste frå kring 1600 og fram til midten av 1700-talet. I 1776 overtok OTTE FINDE REUTZ garden. Han var presteson frå Herøy (jf Haugsholmen) og datterson av voldspresten Otte Pedersen Finde. Truleg kom Reutz hit i 1778, og tok nok til å handle straks. I 1780 tok han borgarskap i Bergen som kjøbmand. For å få innvilga borgarskap laut han love å kjøpe hus i byen, men det er uvisst om han gjorde dette. Han svarte handelsskatt 1780-81. Han budde her til 1791, då han flytta til Bergen. Rasmus Jacobsen Wasbotn fortel at Reutz då

 

… havde boet i Halkjelsvig i 13 aar, og han blev der en liden mand for sin yppige levemaades skyld. Han forødede sit og sine forfædres gods paa en slet maade. Hans moder døde 2 aar før han foer derifra; tog ham til sig da han kom der med 5000 rd og gjorde det saa at han blev hendes lagverge, og i denne korte tid af 13 aar forødede han alt sammen, saa han maatte sette paa auktion alt det han havde igjen af sit boskab, at han kunde betale sin gjeld, men blev dog gjort slet nok.

 

Røysgarden i Halkjelsvik har namn etter Otte Finde Reutz, som truleg hadde store planar, men lita evne til å sette dei i verk. I 1801 heitte det om han: Uden levevey, afskeediget sergeant.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s