Indre Dravlaus

Truleg frå 1688 budde offiseren Christian Gran her. Han var gift med ei søster av Ludvig Holberg. Gran døydde i 1717 som oberstløytnant. Frå 1719 budde så sersjant Johannes Gad her. I 1722-24 var han konstituert sorenskrivar på Sunnmøre; han søkte embetet i 1724, men fekk det ikkje. Gad kan vel ha drive handel her.

  I 1728 kom JOCHUM MOLBERG til gards. Han var capitain des armes, som var den høgaste underoffisersgraden, og skulle vere fødd i Hedemark. Molberg døydde i 1765 som politibetjent i Bergen. Han dreiv handel, men hevda i 1742 at han ikkje handla vidare enn at hand undertiden for en potte øl kand tilvexle sig een kande melk og deslige til hands huusholdnings fornødenhed. Sonen Christian Gran Molberg, som ei stund hadde embete som stabsauditør, var ein svært vidløftig type; han lurte folk til å tru at han var av Holbergætta og skaffa seg stillingar på falske vitnemål, skreiv fiskerifaglege avhandlingar m.m.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s