Indre Folkestad

I 1656 tok Frantz Olsen frå Birkedal i Volden borgarskap som udfarer i Bergen. Han var son av bjørkedalingen Oluf Povelsen som frå midt i 1630-åra var lensmann i Volda og kremmar på Rotset. Denne FRANTZ OLSEN RØDSET, som han kalla seg på Rotset, brukte mykje av Indre Folkestad frå 1655 til han flytta til farsgarden i 1684. Frantz var lensmann i Volda 1680 til kring 1688.

  Sonen OLE FRANTZEN RØDSET tok over garden i 1690-åra og dreiv mest truleg handel. Han flytta seinare til Årskog i Hjørundfjord, der han blei lensmann etter verfaren. I andre halvdelen av 1730-åra flytta enka etter Johan Frantzen Rødset på Rotset hit i lag med andremannen sin.

  Sonen hennar, FREDRIK CHRISTOPHER RØDSET, som altså var kremmarson frå Rotset, tok seinare til å handle her; handelsskatt 1751-60. Han skal også ha hatt gjestgiveri i Kile. Han døydde i 1761, fallitt (aktiva snautt 1338 rd, passiva vel 1897 rd).  Ingen handel seinare. På nabogarden Ytre Folkestad budde i første halvdelen av 1600-talet nokre folk med ættnamnet Grot, David Jacobsen og Jacob Jacobsen, men vi har ikkje prov for at dei dreiv handel.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s