Ørstavik

Knud Nilssen Wig og kona Ragnhild Abelset med levande og daude barn. Epitafium fra 1703 i Ørsta kirke.

Knud Nilssen Wig og kona Ragnhild Abelset med levande og daude barn. Epitafium fra 1703 i Ørsta kirke.

Ørstavik si tid som borgarsete byrja truleg då NILS IVERSEN WIG, bondeson frå Brudevoll, blei brukar her i andre halvdelen av 1640-åra, der han var inngift i den gamle lensmannsætta. Han var  ikkje borgar, men åtte jekt og dreiv handel. Frå 1657 til han døydde kring 1681 var han lensmann i Ørsta skipreide, likeeins kirkeverje. Nils var stamfar til ein stor del av borgarskapet på Sunnmøre på 1700-talet (ættene Wig, Hougsholm, Brandal, Langeloe, Høgh, kanskje også Leganger).

Sonen KNUD NILSSEN WIG tok borgarskap i Bergen i 1678 og overtok bruket og omboda etter faren i 1682. Knud døydde i 1703 som ein svært rik mann. På skiftet etter han 1704 blei aktiva i buet sette til 4871 rd, passiva til 1211 rd (stordelen var slikt han skulda barna sine). Han åtte eit stort jordegods (sett til 2734 rd, m.a åtte han borgarsetet Støylehamn med avlsgarden Støyle, sett til 120 rd), to jekter (ei stor til 126 rd og ei mindre på 7 lester til 18 rd; den minste var nok ein tendring), ein heil fiskeflòte (fire fjøringfar og ein kjempefæring), ein diger buskap (m.a 40 kyr) og mykje anna, m.a sølvsaker for 323 rd og kjøpmannsvarer for 150 rd. Snautt 1100 rd av midlane besto i uteståande krav hos 219 bønder og ein handfull kremmarar og embetsmenn (i alt 1089 rd, av dette snautt 740 hos bøndene) .

Sonen IVER KNUDSEN WIG ser ut til å ha tatt over kring 1712 etter at mora hadde drive både som kremmar og kirkeverje (som ho var 1705-22) og lensmann. Iver Knudsen døydde i 1718, ser det ut til. Det blei halde sams skifte etter Iver og broren Nils i 1724, aktiva var vel 909 rd (berre jord og verdisaker), passiva vel 51 rd.

Mora, RAGNHILD LAURITZDATTER ABELSET, kremmardatter frå Apalset, tok så atter hand om handelen. Ho var også lensmann i Ørsta 1720-24. På skiftet etter Ragnhild i 1733 blei midlane sette til nær 3893 rd, skulda til berre 33 rd.

I 1724 tok versonen hennar, OLE OLSEN HOUGSHOLM II, borgarson frå Haugsholmen, over lensmannsombodet og tok til å handle her; Ragnhild kan elles ha ha handla til ho døydde i 1733. Ole hadde før handla i gamle Sandshamn, her: Støylehamn. Han var lensmann i Ørsta til 1746 og døydde i 1748, svært rik. I buet til denne høyfornemme Seigneur var aktiva nær 6603 rd (då ikkje medrekna 2/3 av Vanylven kirke), passiva snautt 854 rd. Utanom brorluten av Vanylven kirke åtte buet også Ørsta kirke og Sande kirke med jordegods. Han hadde hatt seks drengar og seks tauser samt nokre tenarar av høgare rang. 315 personar var skuldige han i alt kring 1500 rd: 308 bønder (117 skulda 1 rd eller mindre, men gjennomsnittet likevel 3,6 rd) og sju noke meir fornemme folk sto i bøkene hans. Utanom ein tendring på 7 lester (38 rd) og ei jekt på 16 lester (50 rd) åtte buet tre store og dyre fiskebåtar, fjøringfar, som hadde namn etter væra dei dreiv fiske fra: Alnesbaaden, Brandahlsbaaden og Diubsbaaden.

Sonen CHRISTEN OLSEN HOUGSHOLM, lensmann i Ørsta 1746-67, tok til å handle i 1744; handelsskatt 1744-66. Han døydde i 1767, rik. På skiftet etter denne Borger og Handelsmand blei aktiva sette til nær 3662 rd, passiva til vel 1936 rd. I 1749 heitte det om Ørstavik at det kunde vel være belejlig for een liden bondehandel, som nu bruges af Christen Olsen sammestæds, og følgelig deraf svare aarlig 5 rd.

Neste mann her var JØRGEN JØRGENSEN HØGH junior, kremmarson frå Djuvika i Borgund, som svarte handelsskatt 1778-82. I 1783 slo han seg ned som borgar på Grimmergård II i Ålesund, men handelen i Ørstavik kan ikkje ha lege heilt nede etter denne tid.

I 1803 fekk enka etter Høgh, APOLLONE KATARINE SCHØNING, kremmardatter frå Grøtøy i Nordland, kremmarløyve for Ørstavik. Ho svarte handelsskatt 1803-05. Ho flytta så til Bergen, der ho tok borgarskap som kjøpmann og krambuhandlar i 1806.

Den nye eigaren og kremmaren i Ørstavik var WEBJØRN SVENDSEN, bondeson frå Raunsgard i Hallingdal og ein av Hans Nielsen Hauge sine nære vener, som svarte handelsskatt 1806-29.

Sonen ERIK SVENDSEN handla 1830-65.

Det siste året overtok sonen WEBJØRN ERIKSEN SVENDSEN, som dreiv til 1883, då han gikk konkurs. Ved sida av handelen dreiv han det stort som reiar av fiske- og fangstskuter. Dreiv også utanlandshandel på Russland og Spania.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s