Øyra I – II

På denne staden, midt mellom bygdesentra Rotset og Halkjelsvik, utspann det seg eit mangfaldig folkeliv gjennom hundreåra. Her var presteenkesete, seinare prestegard, her budde handverkarar av ymse fag, skreddarar, snekkarar, skomakarar og andre, og folk som dreiv handel av ulike slag og omfang, ofte ei «sidenæring» for handverkarane. Det var eit yrande liv på Øyra. Særleg livleg ser det ut til å ha vore i tiåra kring 1700, då det kanskje var fire handlarar i verksemd samtidig. Å peike ut særskilde borgarsete her er uråd, fordi det ofte hende at to nye kremmarar steig inn på arenaen samtidig som to andre forsvann, og då er det vanskeleg å avgjere kven som kom i kven sin stad. Eg presenterer derfor kremmarane her etterkvart som dei dukkar opp.

Den første vi høyrer om var JACOB JENSSEN, som er nemnd allereie i 1601. Like etter flytta han til Rotset, der han blir omtala nærare under neste avsnitt. I odelsskattemanntalet for Volda frå 1603-04 er oppført ein Christopher Olsen som eigar av nær 18 mællag jordegods. Ein Christopher Olsen, borgar av Bergen, hadde interesser på Sunnmøre på denne tida, men utan å bu her. Om det verkeleg budde ein Christopher på Øyra, kan han ha vore borgar, men det nokså særeigne fornamnet er ikkje i seg sjølv eit prov på det, som somme har meint.

I alle fall: Vi høyrer ikkje om handlarar her seinare før 1655, då erlig och velagt mand JONAS CLAUSSEN er nemnd. Han var tvillaust kremmar, men det ser ikkje ut til at han hadde borgarskap. Han var kanskje bror til presten Mads Claussen Schaanning. I 1656 er han nemnd som lensmann i Volda (det var på denne tida Oluf Povelsen på Rotset verka som visetingskrivar). Dette er det siste vi høyrer om Jonas, men fornamnet hans levde vidare på Øyra, m.a er i 1684 nemnd ein hæderlig studiosus Jonas Olufsen, og sonen til den nedannemnde Povel Olsen Øren heitte også Jonas.

I 1664 budde KIRSTEN Gastgiberske på Øyra; ho var kanskje enke etter Jonas Claussen. Også namnet Kirsten dukka seinare opp i ættene her. I 1670-åra har eg ikkje funne far etter kremmarar på Øyra, men i det neste tiåret har eg funne to:

KNUD OLSEN, nemnd i 1683 som en ung persohn som hadde tatt til å handle, og som truleg var kjøpsvein for kjøpmannen JOB DISCHINGTHUN i Bergen (sjå Herøy) allereie då, i alle fall frå 1688. Han døydde i 1695 og ser då ut til å ha vore som sjølvstendig handlar.

Seinast frå 1685 budde også RASMUS PEDERSEN FOLCHMAR på Øyra (sjå Herøy), bror til Nils Pedersen Assens på Grimmergård I i Ålesund. Han var kanskje også ei tid kjøpsvein for Job Dischingthun, men dette er uvisst. Frå 1692 var han kremmar på Hareid I.

I andre halvdelen av 1690-åra finn vi nokre nye kremmarnamn. Først skomakaren OLE OLSEN ØREN, gift med Kirsten Olsdatter, enke etter Ole Pedersen skreddar. Ole Olsen budde her seinast i 1697, handla seinast frå 1699, og heldt det gåande minst til 1726, trass i protestar frå storborgaren på Rotset, Johan Frantzen Rødset. På skiftet etter Kirsten i 1726 blei enkemannen kalla agtbahre Ole Olsen, men ho sjølv ikkje titulert. Aktiva i buet var vel 375 rd (m.a ein sambøring med mastr og segl til 21 rd og hus til 102 rd), passiva 325 rd (for det meste skuld til borgarar og embetsmenn på Sunnmøre).

Kanskje frå 1697, men i alle fall frå 1699 handla også MADS CLAUSSEN SVERTZ på Øyra. Han var kremmarson frå Slinningen. I 1702 tok han borgarskap i Bergen, noke som var sjeldsynt mellom kremmarane på denne tida. Mads handla også i Håkeshamn i Ulstein. Han døydde i 1705 som ein etter velståande mann. Aktiva i buet var 606 rd (m.a kjøpmannsgods for 228 rd og uteståande krav på i alt 260 rd), passiva 222 rd (mest, 86 rd, skulda han Nils Pedersen Assens i Ålesund for kjøpet av kremmarhusa på Øyra).

Enka ekta seinare JOHAN FRANTZEN RØDSET på Rotset, som ser ut til å ha halde fram med handelen her, det hevda han i alle fall i 1716.

I 1703 fekk RASMUS HANSSEN FINDMAND, borgarson frå Sjøhålen i Førde, løyve frå kongen til å handle i Volda. Han busette seg like etter på Øyra. Siste gongen han er nemnd er i 1707. Så dro han sin kos, i vissa til København, for i 1710 heitte det at han hadde begivet sig her fra stæden og intet efterlatt sig af formue, men en temmelig deel til gotfolch at være skuldig, og det sidste mand forvisse har spurt paa hannem for kort tid siden er at hand sad i fengsel i slaveriet udi Kiøbenhafn. Litt av ein lagnad for ein fornem mann!

Kring 1700 finn vi også andre folk som kan ha handla på Øyra. Det gjeld både skreddaren TYGE KNUDSEN (skifte 1710), som ser ut til å ha hatt handelssamband med Jørgen Jobsen Dischingthun i Bergen (sjå ovanfor), og Povel Olsen Lillebø, som åtte jekt og var i slekt med folket som rådde på Rotset (Bjørkedalsætta).

Kanskje allereie frå 1720-åra handla OLE JOHANNESSEN frå Bjørdal i Ørsta og skolemester for fornemme folks børn her. Han svarte handelsskatt i 1745 og 1747.

Etter denne tid låg handelen på Øyra nede til 1862, då OLE SEVERIN SVENDSEN, kremmarson frå Ørstavik, etablerte seg på Ørlandet. Han handla til ut i 1890-åra, var hotelleigar, hadde bakeri og dreiv fiskehandel og guanofabrikk i Fosnavåg.

OLA SKULEMEISTER PÅ ØYRA
Ørsting og bokmann av bondestand – lenge før Ivar Aasen…
Manntalet for Ørsta frå 1701 nemner svært få som “krøpling”. Skal ein døme etter manntalet, var fysiske funksjonshemmingar mest fråverande då i høve til no. Men eit par vanføre karar fanst. Korleis gjekk det med dei?
Etter våre mål: svært godt. Etter deira mål: godt nok, korkje betre eller verre enn for andre. Denne,
tett uttrykte skilnaden i “vurdering” av lagnader fortel både om den tids og vår tids syn på vanføre menneske og, kanskje endå meir, om kva historie er for noke…

VELFERD VIA VANFØRE?
Ein vanfør bondegut dugde ikkje som vaksen bonde.
Dette var sjølvsagt for 300 år sidan. Han laut “gjere noke anna”, og dersom ikkje jordmora eller foreldra gjorde det for, eller av med han ved fødselen (noke som kan ha vore vanleg i slike tilfelle), hadde han ikkje anna val enn å ta steget ut av bondestanden, anten ned – å verte fant eller tiggar – eller opp. Ja, opp!
Opp til kva? Til dømes til lite kroppskrevjande yrke som klokkar, skulemeister, handverkar i “lette” fag eller kremmar. Men kunne dette vere oppnåelege mål for vanføre bondegutar på denne tida?
VILKÅRA FOR STANDSSKIFTE
Det gamle standssamfunnet var eit “kastesamfunn” for så vidt som det ikkje tillet folk å skifte stand utan vidare. Men det var ikkje verre enn at ein staut men lite lesehuga presteson kunne verte bonde – eller ein vanfør bondeson kremmar, klokkar eller, i vissa huslærar – “informant” – for born av slike, og jamvel “finare” folk.
Bondesøner vart stundom også underoffiserar, og i somme høve rette offiserar, og ut på 1700-talet vart ein og annan boklærd bondegut lensmann med.
Unntaksvis kunne bondeguten verte prest, endå om han ikkje var vanfør, men berre leid av innbiten lesehug. Romsdalingen Peder Nærem (1714-83) vart såleis både prest i Hjørundfjord og prost på Sunnmøre.

“FORNEMME MÆNDS BØRN”
Den boklærde bonden og bjørkedalingen Rasmus Jacobsen Wasbotn (1749-1821) førte prosten Peder Nærem sitt dødsfall inn i sitt eige Tids-Register under året 1783; der noterte han at prosten var “af Bonde-Familie”, for så å halde fram med heile livssoga til Nærem.
Denne bondefødde presten sin lagnad fall tydelegvis i bonden Wasbotn sin smak.
Det neste notatet i Tids-Register gjeld Wasbotn sin morbror, kremmaren og jekteeigaren Johannes Larsson Widdal på Sæbø, som døydde same året som Nærem, 1783.
Johannes Widdal var gift med Elisabet Carine, dotter av den kjende hjørundfjordspresten Jacob Bantzbil (som Wasbotn nemner), og far til Jacob Christian Sæbø (1747-91), lensmann i Hjørundfjord, som var Wasbotn sin jamaldring og søskenbarnet hans med. Dette var gromme frendar å skrive om.
Og vidare (som om ikkje dette var nok) skreiv Wasbotn:
Samme Aar 83 om Høsten døde ogsaa Ingebor Kielsund, min Moders Sødskenbarn, Hindis Fader hed Ole fød i Biørdal og boede paa Øren og var Skolemester til fornemme Mænds Børn.
Så fekk vel Wasbotn sagt dét med, at mormorbroren Ole på Øyra i Volda (han budde på prestegardsgrunn) ikkje berre hadde vore skulemeister, men jamvel lærar for “fornemme” folk sine born?
I så å seie same pennedraget gjer Wasbotn det kunststykket å formidle at den avlidne filletanta, Ingeborg, var å rekne som “husfrue” i Kjeldsund i Herøy, eitt av dei eldste og største borgarseta på Søre Sunnmøre. Dette oppnådde han ved å kalle henne “Kielsund”, kort og godt…
Eller kan me forstå Wasbotn på ein annan måte?

SKRYT ELLER BYRGSKAP?
Denne sekvensen i Tids-Register er svært talande.
Dei tre notata gjeld opphavlege bondefolk som hadde stige monaleg i stand. Men Wasbotn gjer ikkje noke nummer av korkje den eine eller hin: Han skriv om dei som han skriv om andre.
Me skjøner likevel at han hadde sans for presten Nærem si karriere. Samstundes er det uråd å finne noka mindremannskjensle uttrykt mellom linene her. Wasbotn ga korkje frå seg “helteskildringar” eller imponerte utrop (av slaget “tenk at bondeguten vart prest!”).
Nei, Wasbotn registrerte desse (for oss) uvanlege kjensgjerningane så kvardagsleg at ein lyt lure på om han i det heile såg dei som “uvanlege”. Berre med vår tids briller er det råd å oppfatte Wasbotn som ein “skrytepave”. Men kva med å sjå han som ein “byrg” bonde?
Jau, han var nok byrg – av å vere “bonde” (rimelegvis også av å ha odelsrett til Jakobsgarden på Bjørkedalen), men ikkje av å vere av ei slekt som hadde medlemer som steig frå bondestanden og opp.
Han noterte dette ikkje som noke merkeleg!

VERKELEG MERKVERDIG
Og dette er det verkeleg merkverdige: Midt i – på alle sider omgjeven av det stive standssamfunnet – skreiv Wasbotn som om det var noke sjølvsagt å vere bonde og samstundes både tenke- og skrivefør, og jamvel som bonde å ha frendar i mange slags høgare samfunnslag.
For Rasmus Jacobsen Wasbotn var dette rett og slett ikkje noke nytt. Slik må me slutte. Og så kan resten av soga om Ola skulemeister på Øyra i Volda byrje:

“OLE FØD I BIØRDAL”
Etter manntalet 1701 var Ola Johannesson 34 år gamal, og var såleis fødd seinast 1668, noke som kan vere rett, i og med at Ola – som stridsudugeleg – ikkje trong lyge på seg ein annan alder enn den han hadde. Han døydde 1751 med oppgjeven alder 81 år, dvs fødd 1669 eller 1670. Stort nærare rett fødeår for eit menneske, her: 1669 +/- 1 år, er det ikkje råd å kome på denne tida.
Enno 1701 budde han heime i Bjørdal, han var “krøbling” og truleg ugift. Me må rekne med at han hadde gått på skule – på
Katedralskulen i Bergen eller, helst, hos voldspresten, og i så fall hos Hans Madssen Glad, sokneprest i Volda frå 1674 til han døydde 1689, eller hos Glad sin huslærar. Ola kan så ha lese vidare med neste presten, Otte Pedersen Finde, som verka i kallet i 50 år, 1691-1741, og døydde som “jubellærar”. Finde var gift med Ingeborg Hansdt Glad, og Ola skulemeister hadde ei dotter av dette namnet, som kan vere kalla opp etter prestefrua.

FORNEMME FOLK I VOLDA – OG ØRSTA
Ola Johannesson må ha flytt til Øyra i Volda noke etter 1701 og seinast 1713 var han komen i ekteskap. Den mest “fornemme” huslyden i Halkjelsvik/Vikebygda var soknepresten Finde sin, men på Rotset budde den rike borgaren Johan Frantzen Rødset og på Øyra budde også nokre borgarar først på 1700-talet, Mads Claussen (Svertz) frå Slinningen i Borgund og Rasmus Hanssen Findmand frå Sjøhålen i Førde (ein søsterson av Otte Finde).
Kanskje budde også nokre offiserar på “Land” på denne tida; i vissa budde offiserar lenger nord i Volda, og på Ekset budde lensmannen (1689-1718) Henrik Stadtzen Østerich, før borgar i Steinvågen i Ålesund. Seinare budde mange høgare offiserar på Ekset.
Også elles i voldsbygdene budde nokre “fornemme Mænd”, mest offiserar, t.d i Høydal, på Indre Folkestad og Indre Dravlaus. Til ei kvar tid i Ola skulemeister si verketid i første halvdelen av 1700-talet kan Volda sokn ha hatt kring 6 huslydar av den “fornemme” standen, og reknar ein med Ørsta sokn må ein legge til den rike borgarhuslyden i Vik og stundom ein og annan offisershuslyd.
Desse huslydane var ofte barnerike, og alle borna måtte lære å lese og skrive og truleg meir enn som så, i vissa gutane, som måtte førebuast til vidare skulegang.

EIN SKULEMEISTER – OG EIN SKULE?
Ola skulemeister budde på Øyra, men kan ha fare frå huslyd til huslyd for å undervise, omtrent som seinare tiders omgangsskulelærarar. Like gjerne kan han ha hatt eit skulehus på Øyra eller i Halkjelsvik, der dei “fornemme” borna skula visse tider av året.
Mykje tyder elles på at Ola ikkje var første skulemeisteren på Øyra, for 1684 er det nemnt ein “hæderlig Studiosus” Jonas Olufsen på Øyra, som godt kan ha vore ein såkalla “informant” (huslærar). Ein “Studiosus”, ein som hadde rett til å studere ved universitetet, kunne elles føre andre fram til studenteksamen på denne tida, så undervisninga treng ikkje berre ha vore på “grunnskule”-planet, men også ha omfatta t.d latin og gresk, teologi og filosofi.

EIN GLØYMD LÆRDOMSTRADISJON?
Granskarane har vore opptekne av dei, i nasjonal samanheng, særmerkte lærdomstradisjonane innanfor bondestanden i Volda og Ørsta – tradisjonar som oftast vert førte tilbake til miljøet på Bjørkedalen frå kring 1600 og utetter. Ein har også lagt stor vekt på Hans Strøm sin innverknad på desse tradisjonane i tida 1764-78, då han var sokneprest i Volda.
Ingen har derimot peikt på, eller kjent til det som ser ut til å ha vore eit “fornemt” lærdomsmiljø i midtbygda i Volda.
Heller ikkje har noken kjent til, eller i vissa ikkje lagt vekt på at det faktisk fann stad ei aktiv utveksling mellom bondestanden og den “fornemme” standen på dette feltet. Utan å undersøke vidare har granskarane gått ut i frå at “lærdom” var ein einerett for dei privilegerte; men dette var altså ikkje tilfellet, og det finst mange døme utanom Ola skulemeister frå Bjørdal på at “lærdom” kunne formidlast “nedanfrå og opp”.

EI TENKT LINE, MEN MULEG
Peder Rasmusson var sokneprest i Volda frå kring 1600 til han døydde 1640. Etter segna var han bondeson frå Ytre Fure på Stad, og det er ingen grunn til å tvile på segna. Herr Peder fekk stor etterslekt på Sunnmøre, og det er likt til at alle borna hans kunne lese og skrive, og at dei overførte kunnskapane sine til eigne born.
Studenten Jonas Olufsen på Øyra kan ha vore eit barnebarn av “erlig och velagt mand” (embetsmann eller borgar) Jonas Claussen som budde på Øyra i 1650-åra (1656 som lensmann i Volda) – kanskje ein bror til den danskfødde soknepresten Mads Claussen (Skaaning), Peder Rasmusson sin ettermann i kallet.
Jonas Olufsen var svært truleg volding, men han må ha vore i København for å kunne kalle seg “Studiosus”. 1684 budde han i Volda, og sidan han ikkje var i presteteneste må me rekne med at han var huslærar, rimelegvis hos soknepresten Hans Madssen Glad (son av Mads Claussen).
1684 var Ola Johannesson frå Bjørdal 14-16 år gamal, og det er greitt nok å tenke seg at han kan ha vore ein av Jonas sine elevar: ein eller annan gong og ein eller annan stad må jo Ola ha kvalifisert seg som lærar for “fornemme Mænds Børn”, og at han gjorde det då han enno var ung, er meir enn rimeleg.
No er det råd å lage ei liste over alle Ola skulemeister sine mange mulege elevar gjennom eit langt lærarliv (kanskje meir enn 50 år). Her skal eg berre nemne éin sannsynleg elev: ørstingen Knud Olsen Sandshavn (sjå rammestykket “Knud Olsen Sandshavn – Vellukka lærar, mislukka borgar”).

SKULEMEISTER OG SMÅHANDLAR
Kring 1710 må Ola Skulemeister ha ekta Marte Olsdotter, som me ikkje kjenner opphavet til, og dei fekk i vissa døtrene Ingeborg og Marte.
Kanskje allereie på denne tida, men i vissa frå 1720-åra må Ola ha drive ein liten handel på Øyra, kanskje berre ei ølkro, men frå 1745 svara han handelsskatt nokre år. Frå gamalt var Øyra gjestgivarstad, og kanskje dreiv Ola “hotell” med. Begge døtrene kom seg godt fram i verda, og Ingeborg var ei driftig kremmarske, som me skal sjå.

BARTSKJÆRMADAM ECKHOFF I BERGEN
Marte Olsdotter frå Øyra var 1738 gift med Peder Eckhoff, ein “badsker” (Bartskjær) i Bergen. Eckhoff-namnet skreiv seg frå hansabyane Hamburg, Bremen og Lübeck. Peder (Petersen) Eckhoff – yrket fekk han frå faren, ættnamnet frå mora – skar ikkje berre bartar, men jamvel andre delar av kroppen med. Den tids bartskjærar var nemleg det me ville kalle kirurgar. I Bergen hadde dei eige laug. Bartskjærane var mykje søkte – i vissa ikkje mindre enn våre dagars legar – og oftast velståande.
Etter Wasbotn hadde Marte og Eckhoff dottera Margrete, som budde i Bergen, og sonen Peter Christian, som budde på Hundsvær i Borgund. Denne “Monsieur” Peter Christian Eckhoff, fødd 1738, var skreddarmeister, og budde på Hundsvær 1770, seinare i Røysa i Ålesund, der han budde enno 1789. Han var gift med Mette Jacobsdt Flensborg, men ser ikkje ut til å ha hatt born.

FRÅ SKOMAKARMADAM PÅ VIKENESET
Ingeborg (1713-) var eldste dottera til Ola Skulemeister. 1746 ekta ho Ole Torkildsen Strøm, ein skomakar frå Trondheim som søkte lukka i Volda, og kanskje fann henne med… Ole Strøm dreiv også noke kjøpmannskap (handelsskatt 1752-56 og 1762-68). Strøm døydde 1768 eller -69, for 1769-70 svara enka Ingeborg handelsskatt.
Etter Wasbotn hadde dei tre born, Torkild (1752-), Serine (1747-) og Marte (1750-). Marte døydde ugift medan Torkild og Serine begge fekk uvanlege lagnader.
…TIL BORGARSKE I KJELDSUND
Ingeborg Olsdotter, enkemadam Strøm, gjorde så noke heilt eineståande: ho grunnla ei handelsdynasti. 1771 var ho på plass som borgarske i Kjeldsund i Herøy, og ho svara handelsskatt av dette digre og eldgamle borgarsetet 1771-74; 1775 tok versonen Peter Møller Bager over drifta.
Me kjenner ikkje dei nærare omstenda då Ingeborg tok over i Kjeldsund, men såpass er visst: Slikt gjorde ikkje kvinner då, og i vissa ikkje kvinner av handverkar- eller småhandlarstand!

MADAM BAGER, SIDAN LEGANGER, I KJELDSUND
Serine Strøm (1747-1809), skomakardottera frå Vikeneset, ekta 1774 Peter Møller Bager (1745-87), av ukjent opphav, men mest truleg av borgar- eller embetsstand.
På Bager si tid (1785) heitte det om Kjeldsund:
Eet gammelt handelsstæd, beqvemt og fornøden baade nu og fremdeles, stædet er vel bebygget ved en strøm hvor igiennem farten for 3de skibreders almue sc: <= altså> Rødve, Volden og Ørsten, falder, og der som oftest tager natteherberge samt forsynes med det nødvendige.
På skiftet etter Peter Møller Bager 1787 var aktiva i buet 2445 rd, passiva 2317. Dette var ikkje så verst når me tenker på at stordelen av eigenkapitalen gjekk med då Bager gjekk ned med jekt og gods. Agent Hans Krohn i Bergen hadde mest til godes, og Kjeldsund blei nok drive vidare på hans nåde.
Enkemadam Bager, Serine Strøm, sat ikkje enke lenge. 1789 ekta ho Hans Schultz Leganger (1760-1832), ein futeson frå Sogn, som tok over handelen i Kjeldsund (handelsskatt 1789-99) og var lensmann i skipreida Nærøy og Ulstein frå 1794.
Med Peter Møller Bager hadde Serine Strøm dottera Maren, fødd 1775, som døydde før faren; med Leganger hadde ho ikkje born. Men Strøm-ætta si tid i Kjeldsund var ikkje ute likevel…

TORKILD STRØM PÅ MÅLØYA
1772 kjøpte den driftige bondesonen “Jacob Iversen Rømøen” (1740-75) frå Remøy garden (og øya) Måløya i den tids Rovde skipreide, og same året tok han til med handel der. Handelen dreiv han med ein “gesell”, kjøpsvein, men 1773-74 dreiv han handelen sjølv, enka 1775.
Jacob Iversen omkom 1775 på sjøen i lag med sonen Anders. Enka, Anne Olsdotter frå Goksøyra, ekta truleg 1776 Torkild Olsen Strøm, som heldt fram med handelen til og med 1777 (og truleg nokre år til).
Torkild Strøm var 1775 kring 23 år gamal – på eine sida skomakar- og småkremmarson frå Vikeneset, på hi sida borgarmadamson frå Kjeldsund. Han var nok etla til borgar i Kjeldsund, men lagnaden knytte han til enka Anne på Måløya. Det siste me høyrer om Torkild Strøm, er at han 1784 selde Måløya til verbroren Peter Møller Bager i Kjeldsund. Same året kom ein ny mann som brukar på Måløya, kremmarsonen Nils Pedersen (Ulfeldt) frå Slinningen.
Dermed var Måløya si soge som kremmarsete ute – og soga om Torkild Strøm? Ikkje heilt. Med Anne frå Goksøyra fekk han tre døtre, Olave Jakobine (1778-), Ingeborg Marie (1779-) og, den einaste me veit levde opp, Serine Strøm (1801:19, truleg fødd 1783).
Etter folketeljinga 1801 budde denne Serine Strøm i Kjeldsund hos mostera Serine Olsdt Strøm og mannen hennar då, Hans Schultz Leganger (huslyden flytte 1802 til Flusund).

NY MADAM LEGANGER I KJELDSUND
I 1803 ekta den då kring 20 år gamle Serine Strøm frå Måløya den noke eldre Claus Povelsen Leganger (1780-1810), som same året tok til med handel i Kjeldsund.
Claus var av den gamle lensmanns- og borgarætta på Leikong i Rovde, som m.a hadde røtene sine i jordeigar- og lensmannsætter i Borgund, Ørsta, Syvde og Vanylven, dessutan i borgarætta Svertz frå Vågnesholmen og Slinningen i Borgund. Ein av Claus sine brør var elles kjøpmann Bergen.
Claus Leganger sin føremann som borgar i Kjeldsund, Hans Schultz Leganger, var også av sunnmørsætt, men ættnamnet hans skreiv seg frå Leikanger i Sogn, der stamfaren Erik Iversen Nordal var sokneprest først på 1600-talet. Erik Nordal hadde namnet sitt frå Norddal, der faren Iver Eriksen var prest kring 1600.
Claus Leganger omkom på sjøen 1810 og dermed var det – etter over førti år – ute med skulemeisterdottera Ingeborg frå Øyra sitt borgar- eller handelsdynasti i Kjeldsund; soga er nesten “for god til å vere sann”, som det heiter, men same kor “god” denne soga er, er ho sann nok, og sjølv om ho ikkje fekk ein god ende – kva for såpass lange soger får dét? – er ho vel verd å forteljast…
FRÅ FORSTAND TIL RIKDOM – ELLER LUKKE?
Ørstingen Ola Johannesson frå Bjørdal var ein “krøpling” som etter alt å døme gjorde lukke i si tids samfunn. Han var utan tvil boklærd, elles kunne han ikkje vere lærar for “fornemme” folk sine born, og han hadde truleg eit godt utvikla næringsvet; rimelegvis var han godt gift med.
Soga om døtrene hans ser ut til å stadfeste dette inntrykket av Ola Skulemeister, likeeins soga om søskena hans sine etterkomarar, både på Viddal, Stordalsholmen, Sæbø, i Vassbotn og Jakobsgarden i Bjørkedalen – det gjekk dei alle vél…
Slike bondeætter, med så stor sosial og økonomisk oppdrift, fanst det svært få av på Sunnmøre på 1700-talet. Ein og annan bondegut kunne nok stige i både stand og velstand – som Sivert Aarflot; dette var ikkje noke særsyn korkje då eller før. Men at ei heil ætt steig på same viset var sjeldsynt – så å seie
eineståande.
Å finne ei grei forklåring på dette fenomenet, er neppe lett. Utgangspunktet var ikkje noken påfallande rikdom, så vidt me veit, og ei genetisk forklåring er umuleg: me kjenner ikkje denne Bjørdalsætta godt nok til å kunne seie at ho bar med seg t.d særskilde “gjevnader”.
Kva står me att med då? Kanskje, og dette “kanskje” vil eg gjerne sette ein strek under – var det rett og slett tale om ein viss “forstand” i ætta som på 1700-talet vart konvertert til både høgare forstand, stand og velstand…
Eg må stogge her. Slike sjeldsynte og einstaka fenomen kan like gjerne vere oppståtte reint tilfeldig eller vilkårleg; eit moderne døme på eit nær “uforklårleg” fenomen av same rangen, er arbeidarguten Røkke frå Molde sitt utrulege og eineståande sosiale, for ikkje å seie fenomenale økonomiske sprang i vår tids Norge. Stundom må ein berre vedgå at ein kjem til kort.
Endeleg kan ein spørje: Kva var all denne stiginga god for? Ga velstand og høgare stand meir “lukke” for den som opplevde henne? Eller (kan den frekke tenke) ga ho tvertimot eit betre innblikk i samfunnsskipnaden sin verkemåte, og kanskje dermed eit meir kritisk innsyn?
Ingen veit som ikkje sjølv har opplevd det.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s